Sharonsletta (hebraisk שרון) er den nordlege halvdelen av kystsletta i Israel. Den største byen her er Netanya.

Sharonsletta
slette
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt, Sentral, Tel Aviv distrikt
Del av Israeli coastal plain
Koordinatar 32°24′00″N 34°52′59″E / 32.400°N 34.883°E / 32.400; 34.883
Lengd 90 km
Kart
Sharonsletta
32°17′00″N 34°55′00″E / 32.283333333333°N 34.916666666667°E / 32.283333333333; 34.916666666667
Kart som viser Sharonsletta.
Kart som viser Sharonsletta.
Kart som viser Sharonsletta.
Wikimedia Commons: Sharon

Sletta ligg mellom Middelhavet i vest og Samariaåsane, 15 km i aust. Ho strekkjer seg frå Haifa og Karmelberget i nord til Yarkonelva i sør, i utkanten av dagens Tel Aviv, etter kring 90 km. Delar av sletta ligg innafor Haifa, Sentral og Tel Aviv-distrikt i Israel. I 2008 budde det i alt 1 131 600 innbyggjarar på Sharonsletta,[1] 965 300 av dei (85,3%) er jødar og 166 300 (14,6%) arabarar.

Saronsletta er nemnt i Bibelen (1 Krøn. 5:16, 27:29; Jesaja 33:9, 35:2, 65:10), mellom anna den kjende referansen til den gåtefulle «blomen frå Saron» (Høgsongen 2:1). I antikken var sletta særleg grøderik og tett folkesett. Sionistiske emigrantar kom her tidleg på 1900-talet og folkesette regionen med mange busetnader.[2] I 2008 var sletta den tettast folkesette regionen i Israel.[3]

Cities regionale kommunes

Sjå òg

endre
  • Sarona, ein tempelriddarbusetnad på Sharonsletta.

Kjelder

endre
  1. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2008. Henta 5. oktober 2014. 
  2. «Sharonsletta». Bartleby.com. Henta 3. oktober 2014. 
  3. «Sharonsletta of Israel». Encarta. Arkivert frå originalen 16. september 2007. Henta 3. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre