Giana Romanova
Giana Aleksandrovna Romanova (fødd 10. mars 1954) er ein ukrainsk tidlegare mellom- og langdistanseløpar som i 1978 vart europameister på 1500 meter. Ho representerte Sovjetunionen.
Giana Romanova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Ukraina |
Fødd | 10. mars 1954 (70 år) Tsjuvasjia |
Idrett | friidrett |
Tok del i | EM i friidrett 1978 |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
Romanova vann gull med det sovjetiske mannskapet i terrengløps-VM 1976, 1977 og 1980, i 1977 vart ho individuelt nummer 3. Ved EM i friidrett 1978 i Praha enda ho på femteplass på 3 000 meter med tida 8.45,7. Fem dagar seinare vann ho gullmedaljen på 1500 meter på livsbeste 3.59,0, sju tidels sekund føre Natalia Mărăşescu frå Romania. 12. juli 1980 sprang Romanova i Moskva sitt livs beste 3 000 meter då ho vart klokka inn på 8.41,8.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Giana Alexandrowna Romanowa» frå Wikipedia på tysk, den 28. august 2023.