Giessbachfälle
Giessbachfälle er ein foss i Brienz i kantonen Bern i Sveits. Han har ei rekkje fall på sørsida av Brienzersee og ligg i ei skogkledd kløft. Det er seks store og seks små fall i fossen. Falla er til ein viss grad gøymd i den skogkledde kløfta kalla Giessbachschlucht. Hovudfallet er i stor grad synleg frå innsjøen.
Giessbachfälle | |||
foss | |||
Giessbachfälle
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Bern | ||
Kommune | Brienz | ||
Fossetype | Segmentert stupfoss | ||
Elv | Giessbach | ||
Høgd over havet | 949 moh | ||
Totalt fall | 414 m | ||
• Lengste fall | 35 m | ||
• Midla breidd | 15 m | ||
Middelvassføring | 6 m³/s | ||
Tal på fall | 12 | ||
Giessbachfälle 46°41′21″N 8°03′54″E / 46.689166666667°N 8.065°E | |||
Wikimedia Commons: Giessbach |