Gilboafjellet
Gilboafjellet (hebraisk הר הגלבוע, Har haGilboa) er ei fjellkjede oppom Jezreeldalen nord i Israel.
Gilboafjellet | |||
fjellkjede | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 32°26′02″N 35°24′52″E / 32.43389°N 35.41444°E | ||
Gilboafjellet 32°26′02″N 35°24′52″E / 32.433888888889°N 35.414444444444°E | |||
Kart som viser Gilboafjellet.
| |||
Wikimedia Commons: Mount Gilboa |
Historie
endreI Bibelen leia kong Saul, den første israelske monarken, eit åtak mot filistrane på Gilboafjellet. Slaget endar med at kongen fell på sitt eige svert og Jonatan vert drepen i slaget. David, som kjem til staden etter slaget, forbannar fjellet: «De Gilboa-fjell, gjev det aldri må falla dogg eller regn på dykk, gjev markene aldri må bera førstegrøde! For der låg tilsølte krigarskjold, Sauls skjold var ikkje smurt med olje.» (2. Samuel 1:21)[1]
Geografi
endreFormasjonen strekkjer seg frå søraust til nordvest og grensar til høglandet på Vestbreidda og Beit She'an-dalen. Den grøne linja mellom Israel og Vestbreidda går sør og vest for ryggen.
Plante- og dyreliv
endreKvart år blømer Irus Ha-Gilboa, ein rosa iris, på fjellet. Det er oppretta to naturreservat på Gilboa. Irus Ha-Gilboa naturreservat i 1970, som dekkjer 7,28 km² og Aust-Gilboa-reservatet i 2005, som dekkjer 18,29 km².[2]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mount Gilboa» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Panoramabilete av Gilboafjellet
- ↑ «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 30. september 2014.