Filistrar

(Omdirigert frå Filistrane)

Filistrar (hebraisk פְלִשְׁתִּים‎, p'lishtim) var eit folk som i Midtaustens jernalder budde ved Middelhavet på sørkysten av Kanaan. I seinare tider har dette området blitt omtalt som Filistia. Det kan samanliknast med den moderne Gazastripa.

Kart av den sørlege Levanten rundt 800 f.Kr. med vekt på kongedøma Judea og Israel, og dei rika som låg rundt. Filisterane budd i bystatar ute ved kysten, omtrent dagens Gazastripa (til venstre).

Opphavet til filistrane har blitt debattert av forskarar. Det er ikkje nok informasjon om det opphavlege språket deira til å relatera det til noko anna språk. Bibelen og relatert tradisjon har differensiert dei opphavlege filistrane i tida til Abraham som blei kalla for avvittarar og seinare blei erobra av kaftorane som erstatta dei. Det er teoretisert at dei seinare filistrane hadde opphav frå «havfolka» som er like mystiske i opphav.

Moderne arkeologi har òg antyda eit tidleg kulturelt samband med mykensk kultur i Oldtids-Hellas.[1]

Sjølv om filistrane tok til seg den lokale kanaanittiske kulturen og språket før dei etterlét nokon skriven tekst (og seinare gjekk over til arameisk), har eit indoeuropeisk opphav blitt foreslått for dei handfull av kjende filistiske orda som har overlevd som lånord i hebraisk.

Ordsoge endre

Ordsoga til «filister» på norsk er frå seinlatin Philistinus, frå seingresk Philistinoi (Phylistiim i Septuaginta, den greske gammeltestamentlege Bibelen), frå hebraisk P'lishtim, (sjå «Første Samuelsbok» 17:26, 17:36; «Andre Samuelsbok» 1:20; «Domarane» 14:3), «folket frå P'lesheth» («Philistia»); samanlikn med akkadisk Palastu, egyptisk Palusata; ordet er kanskje folket sitt eige namn på seg sjølv.[2]

Bibelske forskarar har meint å spora ordet til det semittiske rotordet p-l-sh (hebraisk: פלש‎) som tyder 'å dela, gå gjennom, å rulla inn, dekka' eller 'invadera', med ei mogleg tyding i dette namnet som «innvandrar» eller «invaderar».[3][4]

Ein annan teori, foreslått av Jacobsohn og støtta av andre, er at namnet er avleidd frå den attesterte illyriske plasseringa Palaeste, og innbyggjarane på denne staden ville ha blitt kalla Palaestīnī etter normal grammatisk praksis.[5]

Andre tydingar endre

I ein ikkje-historisk samanheng kan ordet «filistar» og brukast om ein sjølvgod og intolerant person, ein person som er styrt av materialisme og vanlegvis foraktar intellektuelle eller kunstneriske verdiar, er uvitande om kunst og kultur og utøver streng moral (i negativ tyding) eller er uvitande i eit visst område av kunnskap.[6] Filister er med andre ord synonymt med ein småleg spissborger. Denne tydinga oppstod i tysk studentsjargong og viste nedlatande til ein «ikkje-student».

Kjelder endre

  1. For en viktig typologisk studie, se Dothan, Trude Krakauer (1982): The Philistines and Their Material Culture. New Haven, Connecticut: Yale University Press. ISBN 0-300-02258-1.
  2. Etymology Online
  3. Jastrow, Marcus: A Dictionary of the Targumim, the Talmud Babli and Yerushalmi, and the Midrashic Literature. New York: Judaica Press, 1989., s. 1185
  4. «plš». The American Heritage Dictionary of the English Language: Fourth Edition: Appendix II Semitic Roots. 2000.
  5. Bonfante, G.: «Who were the Philistines?», American Journal of Archaeology, Vol. 50, (1946), ss. 251-262.
  6. «philistine», Merriam-Webster