Alberto Ginastera

argentinsk komponist
(Omdirigert frå Ginastera)

Alberto Evaristo Ginastera (11. april 191625. juni 1983) var ein argentinsk komponist.

Alberto Ginastera

Statsborgarskap Argentina
Fødd 11. april 1916
Buenos Aires
Død

20. februar 1983 (66 år)
Genève

Yrke komponist, musikkforskar, filmmusikkomponist, librettist
Språk spansk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences, Academia Nacional de Bellas Artes de Argentina
Alberto Ginastera på Commons

Biografi endre

Alberto Ginastera vart fødd i Buenos Aires og hadde katalansk far og italiensk mor. Han studerte ved konservatoriet i Buenos Aires, og vart uteksaminert i 1938. Han underviste nokre år etter dette, men reiste til Sambandsstatane frå 1945-1947 der han studerte ved musikkakademiet Tanglewood med m.a. Aaron Copland. Tilbake i Argentina skipa han eit samband for komponistar, og heldt fram med musikkundervisning. I 1968 flytte han attende til USA, og frå 1970 var han busett i Europa. Han døydde i Genéve, 67 år gamal. Ein av musikkstudentane hans var Ástor Piazzolla.

Musikk endre

Alberto Ginastera skreiv tre operaer, 2 ballettar, ei rekkje konsertar, pianoverk, orgelverk, kammermusikk og symfoniar.

Ginastera sjølv delte musikken sin inn i 3 periodar: Objektiv nasjonalisme (1934-1948), Subjektiv nasjonalisme (1948-1958) og Nyekspresjonisme (1958-1983). Særleg i dei nasjonalistiske periodane brukte han argentinske, ofte rytmiske element i musikken sin, gjerne inspirert av Gaucho-tradisjonen. Gauchoen, ein omflakkande hesteryttar på pampasen vart sett på som eit nasjonalsymbol for Argentina. Seinare gjekk musikken hans meir i retning av samtidsmusikk og modernisme.

Verket Cantata para América Mágica (1960), for dramatisk sopranstemme og 53 perkusjonsinstrument, was basert på eldgamle legendar frå Columbia. Det vart framført av Los Angeles Percussion Ensemble under Henri Temianka og William KraftUCLA i 1963.

Fjerdesatsen av den fyrste pianokonserten hans fekk merksemd utanfor den klassiske musikkverda då rockegruppa Emerson, Lake & Palmer bearbeidde han og spelte han inn på plata Brain Salad Surgery (1973) under tittelen «Toccata». Andre verk av Ginastera er vortne brukt i film og fjernsynsserier.

Kjelder endre

«Alberto_Ginastera» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 23. mars 2012.