Ginkgo-slekta

planteslekt
(Omdirigert frå Gingko-slekta)
Ginkgo-slekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Ginkgophyta
Klasse: Ginkgoopsida
Familie: Ginkgoaceae
Slekt: Ginkgo-slekta Ginkgo
L., 1771

Ginkgo-slekta (Ginkgo) er ei planteslekt med berre ein nolevande art, tempeltre, som opphavleg stammar frå Kina, men er blitt relativt utbreidd som hagetre. Det er funne ei lang rekkje fossil av Ginkgo. Fleire av dei minner ganske mykje om den nolevande arten, slik at den nolevande arten er blitt omtalt som eit «levande fossil».

Fossilhistorie endre

Dei første Ginkgo-fossila ein kjenner til er frå slutten av oldtida til jorda, permtida for omlag 270 millionar år sidan.[1] Dei var ei artsrik og viktig plantegruppe i mellomtida til jorda (mesozoikum), særleg i juratida.[2] For rundt 140 millionar år sidan, i overgangen mellom jura og krit, var fleire artar av slekta utbreidde på den nordlege halvkula.[1] Ved enden av pliocen for rundt 1 million år sidan var alle artar utdøydde bortsett frå den nolevande.

Det er funne avtrykk av ginkgo-blad i lag frå krit og tertiær på Svalbard. Det finst også slektningar av ginkgo i lag frå jura på Andøya.[2]

Artar endre

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Ginkgo - Naturhistorisk museum», www.nhm.uio.no (på norsk), henta 22. september 2020 
  2. 2,0 2,1 Nordal, Inger (29. september 2014). «tempeltre». Store norske leksikon (på norsk bokmål).  Fri artikkel.