Ginkgoales

(Omdirigert frå Ginkgopsida)
Ginkgoales
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Ginkgophyta
Klasse: Ginkgoopsida
Underklasse: Ginkgoidae
Orden: Ginkgoales
Gorozh., 1904

Ginkgoales er ein planteorden av nakenfrøingar som berre inneheld ein enkelt nolevande art: Tempeltreet (Ginkgo biloba).[1] Slektstreeet til dei nakenfrøa plantane har vore relativt godt forstått lengje, men systematikken over familienivå har vore varierande. Sidan divisjonar, klassar og ordenar har ulike fastsette endingar i botanikk, viser både Ginkgopsida eller Ginkgoopsida (klasse) og Ginkgophyta (divisjon) til den same gruppa.[2]

Utvikling endre

Gruppa omfattar fem familiar. Dei hadde den største artsrikdommen sin frå siste halvdel av jura til tidleg krit. Dei var særleg utbreidde i Asia, der det fanst tre familiar.[3] Av desse er det berre tempeltrefamilien som enno har levande representantar.

Ginkgoales er rekna som nære slektningar av dei dekkfrøa plantane. Familien Schmeissneriaceae har frø der griffelen veks igjen etter befrukting, tilsvarande situasjonen hjå dekkfrøa plantar. Det er tvil om Schmeissneriaceae tilhøyrer ginkgoane i det heile, eller om Ginkgoales er ei parafyletisk gruppe.

Familiar endre

Inndelinga i familiar hjå ginkgoar er usikker. I dei fleste tilfelle har ein berre blad å gå på, og i nokre tilfelle frukter.[1]

  • Ginkgoaceae (tempeltrefamilien)
  • Karkeniaceae
  • Umaltolepidiaceae
  • Yimaiaceae
  • Schmeissneriaceae
  • usikker tilhøyre:
    • slekta Sphenobaiera

Galleri av ginkgo-fossil endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Andrews, H.N. (1961). Studies in Paleobotany. New York: John Wiley & Sons. s. 335-346. ISBN 9780471031680. 
  2. Christenhusz, M.J.M., J.L. Reveal, A. Farjon, M.F. Gardner, R.R. Mill, and M.W. Chase (2011). A new classification and linear sequence of extant gymnosperms. Phytotaxa 19:55-70. http://www.mapress.com/phytotaxa/content/2011/f/pt00019p070.pdf
  3. Hughes,, N.F. (1976). Palaeobiology of angiosperm origins : problems of Mesozoic seed-plant evolution. Cambridge: Cambridge university press. s. 105-108. ISBN 052128726X.