Giorgio Napolitano
Giorgio Napolitano (29. juni 1925–22. september 2023)[1] var ein italiensk politikar og president av Italia frå 2006 til 2015. Han var også livstidssenator i landet.
Giorgio Napolitano | |
![]() | |
Fødd | 29. juni 1925 Napoli |
---|---|
Død | 22. september 2023 (98 år) |
Statsborgar av | Italia |
Parti | Democratici di Sinistra (14. februar 1998; 2006), Det italienske kommunistpartiet (1945; 3. februar 1991), partilaus (2006) |
Yrke | politikar, journalist |
Utdanna ved | Universitetet i Napoli Fredrik II L.Clas.Umberto I-Napoli- |
Ektefelle | Clio Bittoni |
Barn | Giulio Napolitano |
Medlem | Accademia della Crusca |
Verv | President i Italia 2006–2015 |
Føregangar | Carlo Azeglio Ciampi |
Etterfylgjar | Sergio Mattarella |
Alle verv |
|
Karriere endre
Napolitano vart fødd i Napoli sør i Italia. Under andre verdskrigen var han med i ei partisangruppe som kjempa mot dei nazistiske okkupantstyrkane. Etter krigen vart han med i det Partito Comunista Italiano (Det italienske kommunistpartiet). Etter at det vart oppløyst i 1991 vart han medlem av Democratici di Sinistra (Venstredemokratane).
Napolitano var innanriksminister i Italia frå 1996 til 1998. Han vart vald til president i Italia 10. mai 2006 og vart sett inn i embetet 15. mai same år.[2]
Kjelder endre
- ↑ Keith Weir; Red. Gareth Jones. «Former Italian president Napolitano dies aged 98» (på engelsk). Reuters. Henta 22. september 2023.
- ↑ «THE PRESIDENT: GIORGIO NAPOLITANO» (på engelsk). I Presidenti Della Repubblica. Henta 22. september 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Giorgio Napolitano» frå Wikipedia på bokmål, den 11. mai 2006.
Bakgrunnsstoff endre
- Giorgio Napolitano ved The Internet Movie Database (IMDb)