Girondins Bordeaux
Football Club des Girondins de Bordeaux, til dagleg Girondins Bordeaux eller einast Bordeaux er ein fotballklubb i Bordeaux i Aquitaine-regionen i Frankrike. Klubben, som vart skipa i 1881, spelar i Ligue 1, toppdivisjonen i fransk fotball. Han hadde si stordomstid i 1980-åra.
Fullt namn | Football Club Girondins de Bordeaux | |||
---|---|---|---|---|
Kallenamn | Les Girondins «Girondarane» Le club au scapulaire «Klubben med Chevron» Les marine et blanc «De marineblåe og kvite» | |||
Grunnlagd | 1. oktober 1881 | |||
Heimebane | Nouveau Stade de Bordeaux (kapasitet: 42,115) | |||
President | Joseph DeGrosa | |||
Hovudtrenar | Paulo Sousa | |||
Liga | Ligue 1 | |||
2018/19 | 14. plass i Ligue 1 | |||
Nettstad | Heimeside | |||
| ||||
![]() |
Girondins Bordeaux vart grunnlagt som eit idrettslag der det vart drive i ulike idrettsgreiner. Fotballklubben er ein av dei mest suksessrike i Frankrike, med seks seriemeistertitlar, den siste i 2009. Bordeaux har også vunne tre nasjonale cupmeisterskap (Coupe de France). I 1996 spela klubben seg fram til finalane i UEFA-cupen, der det vart tap i begge kampane mot Bayern München.
Bordeaux spelar heimekampane på Stade Chaban Delmas, eit tribuneanlegg frå 1938 med plass til 34 694 tilskodarar. Laget spelar i mørkeblå drakter.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «FC Girondins de Bordeaux» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2013.