Aquitaine
Aquitaine | |
![]() | |
Fakta | |
Hovudstad | Bordeaux |
Regionspresident | Alain Rousset |
Flatevidd | 41 308 km² |
Folketal | 3 150 890 (2007) Rangering 6 |
Folketettleik | 75 innb./km² |
Arrondissement | 18 |
Kantonar | 236 |
Kommunar | 2 296 |
Geografi | |
![]() Departement |
Aquitaine (oksitansk Aquitània, baskisk Akitania) er ein tidlegare fransk region som låg sørvest i Frankrike. Han hadde grense til Spania over Pyreneane og kyst mot Atlanterhavet. I 2016 blei han del av den nye regionen Nouvelle-Aquitaine.[1]

Geografi Endra
Aquitaine dekkjer eit areal på 41 308 km², 7,6 % av det totale arealet til Frankrike. Han grenser til Spania i sør, til Midi-Pyrénées i aust, til Poitou-Charentes og Limousin i nord og til Biscayabukta og Atlanterhavet i vest.
Av større byar i Aquitaine finn ein Bordeaux, Pau, Bayonne, Mont-de-Marsan, Biarritz, Bergerac og Périgueux.
Av geografiske kjennemerke finn ein:
- Côte d'Argent, ei av dei mest kjende kyststripene i Frankrike
- Bassin d'Arcachon, ein stor lagune som er kjend for dyrkinga av østers.
- Elvemunningen Gironde som vert danna av elvene Garonne og Dordogne.
- Den sørlege delen av regionen inneheld delar av Pyreneane
- Dune de Pilat, nær Arcachon er den største sanddyna i Europa.