Ein gitarforsterkar er ein elektronisk forsterkar som forsterkar det svake elektriske signalet frå ein pickup på ein elektrisk gitar, bassgitar eller akustisk gitar slik at det vert produsert lyd gjennom ein eller fleire høgtalarar, ofte husa i eit kabinett. Ein gitarforsterkar kan vere eit frittståande tre- eller metallkabinett som berre inneheld kretsar for kraftforsterkaren (og forforsterkaren), men ein må då ha ein eigen høgtalar. Mange gitarforsterkar er derimot ein «combo», ein kombinert forsterkar og høgtalar. Gitarforsterkarar kjem i mange storleikar med forskjellige effekt, frå små, lette «øvingsforsterkarar» med ein enkel 8" høgtalar, til tunge, kombinerte forsterkarar med fire 10" høgtalarar og ein kraftig forsterkar, høg nok til å kunne brukast i ein nattklubb eller bar.

Mesa-Boogie "Mark IV", ein gitarforsterkar med både forsterkar og høgtalar.

Gitarforsterkar kan òg endre sjølve tonen til instrumentet ved å framheve, eller tone ned, visse frekvensar ved hjelp av equalizerkontrollar, på liknande vis som bass- og diskant-knappane på ein heimestereo, og legge til elektroniske effektar som forvrenging (òg kalla «overdrive») og klang. Inngangen til moderne gitarforsterkarar er ein 1/4" jack, som får eit signal frå ein elektromagnetisk signalfangar (frå ein elektrisk gitar) eller ein piezoelektrisk pickup (vanlegvis frå ein akustisk gitar) med ei koplingssnor, eller sidan 2000-åra ein trådlaus sendar. For elektriske gitaristar spelar valet av gitarforsterkar og innstillingane dei brukar på forsterkaren ein viktig del av tonen eller lyden frå gitaren deira. Somme gitaristar har ofte brukt ein spesifikk modell eller merke over lang tid. Mange gitaristar nyttar i tillegg effektpedalar for å endre lyden før han når gitarforsterkaren, som til dømes ein wah wah-pedal og chorus-pedal.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gitarforsterkar