Ein elektrisk gitar er ein gitar som kan forsterkast ved hjelp av ein pickup som omgjer vibrasjonar frå strengane til elektriske signal. Vibrasjonen oppstår når gitaristen klimprar, plukkar, fingerplukkar eller tappar på strengane. Signalfangaren som vert nytta til å fange vibrasjonen nyttar vanlegvis elektromagnetisk induksjon for å gjere dette, men det finst òg andre teknologiar. I alle høve, er signalet skapt av ein elektrissk gitar for svakt til å drive ein høgtalar, så det vert sendt til ein gitarforsterkar før det vert sendt til høgtalaren, som omgjer signalet til høyrbar lyd.

Elektrisk gitar

Klassifiseringelectro-acoustic chordophones, gitar
Hornbostel-Sachs klassifisering513

Sidan den elektiske gitaren produserer eit elektrisk signal, kan ein elektronisk endre klangfargen til lyden. Ofte vert signalet modifisert ved hjelp av effektar som romklang og forvrenging. Sistnemnde vert særleg mykje nytta innan elektrisk bluesgitarmusikk og rock.

Elektrisk gitar av merket Rickenbacker og akustisk gitar av merket Gibson
Nært på ein Fender Stratocaster

Den forsterka, elektriske gitaren vart funnen opp i slutten av 1930-åra og raskt teken i bruk av jazzgitaristar, som ønskte å spele gitarsoloar med enkle notar i eit storband. Tidlege gitaristar var Les Paul, Lonnie Johnson, Sister Rosetta Tharpe, T-Bone Walker og Charlie Christian. I 1950- og 1960-åra vart den elektriske gitaren det viktigate instrumentet i popmusikken.[1] Det har utikla seg til å bli eit instrument som kan skape eit mangfald av lydar og stilar i sjangrar som varierer frå pop og rock til country, blues og jazz. Det har vore ein avgjerande del i utviklinga av elektrisk blues, rock and roll, rock, heavy metal og mange andre musikksjangrar.

Utforminga av den elektrisk gitaren og korleis kassen, halsen, stolen og pickupane ser ut har variert mykje. Gitaristar kan ha ein fast stol eller ein fjørbelasta hengsla stol som gjer at gitaristane kan «bøye» tonane eller akkordane opp eller ned og skape vibratoeffektar. Gitarlyden kan endrast ved hjelp av nye speleteknikkar som å bøye strengane, «pull-off», tapping, «hammer-on», bruke lydfeedback eller slide. Det finst fleire typar elektrisk gitarar, som solid-body-gitarar (gitarar utan holrom), og forskjellige typar gitarar med hole kassar. Ein elektrisk gitar har vanlegvis seks strengar (vanlegvis stemt E, A, D, G, H, E frå den lågaste til den høgaste strengen), men kan òg ha sju strengar der den lågaste strengen då vanlegvis er ein H. 12-strengsgitarar har seks par av strengar.

Pop- og rockegrupper brukar ofte elektrisk gitar i to roller. Rytmegitar spelar akkordsekvensar eller progressjonar og riff og er med på å setje rytmen (som ein del av ein rytmeseksjon). Den andre er sologitar, som vert nytta il å spele instrumentale melodilinjer, melodisk fyll og soloar. I ei lita gruppe, som ei powertrio, kan gitaristen byte mellom begge roller. I større rocke- og metalband er det som regel ein rytmegitarist og ein sologitarist.

Kjelder endre

  1. Hempstead, Colin; Worthington, William E. (2005). Encyclopedia of 20th-Century Technology, Volume 2. Taylor & Francis. s. 793. ISBN 1-57958-464-0. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Elektrisk gitar