Giugliano in Campania
kommune i Italia
Giugliano in Campania er ein by i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia og har om lag 105 000 innbyggjarar.
Giugliano in Campania | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Campania | ||
Provins | Napoli | ||
Areal | 94,62 km² | ||
Folketal | 123 679 (1. januar 2023) | ||
Grunnlagd | 421 fvt. | ||
Postnummer | 80014 | ||
Retningsnummer | 081 | ||
Giugliano in Campania 40°55′42″N 14°12′04″E / 40.928345598949°N 14.201084910973°E | |||
Wikimedia Commons: Giugliano in Campania |
Historie
endrePå 400- og 300-talet fvt. vart området rundt Giugliano busett av oskarar. I følgje segna vart byen grunnlagd av ei gruppe kolonistar frå Cuma i 421 fvt. som kalla han Lilianum («Liljelandet»). Byen vart verande ein liten by fram til 1207 då Cuma vart øydelagd av napolitanarar. Innbyggjarar i den byen, inkludert prestestanden, søkte tilflukt i Giugliano. Dei første dokumenta som nemner eit len i Giugliano er frå 1270.
Av herrar i byen finn ein (i rekkefølge) Vulcano, Filomarino, Pignatelli, D'Aquino, Pinelli og Colonna.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Giugliano in Campania» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2007.