Giuseppe Emanuele Modigliani

italiensk politikar

Giuseppe Emanuele Modigliani (28. oktober 18725. oktober 1947) var ein av dei første sosialistane og fagforeiningsleiarane i Italia som vart vald til parlamentet. Han var bror til den kjende modernistiske målaren Amadeo Modigliani.

Giuseppe Emanuele Modigliani

Fødd28. oktober 1872
Livorno
Død5. oktober 1947 (74 år)
Statsborgar avKongedømet Italia, Italia
PartiDet italienske sosialistpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Pisa
MorEugénie Garsin
EktefelleVera Modigliani
MedlemConsulta nazionale del Regno d'Italia
Alle verv
  • medlem av Italias grunnlovsforsamling (1946–1948)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1913–1919)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1919–1921)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1921–1924)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1924–1929)
  • deputato della Consulta nazionale del Regno d'Italia (1945–1946) Sjå dette på Wikidata

Modigliani vart fødd i Livorno 28. oktober 1872, ein by med stor jødisk folkesetnad, i ein velståande sefardisk familie. Han utdanna seg i juss, og vart talsperson for utdanning og velferd, leiar for ei reformistisk avis og sidan utnemnd til president for glasarbeidarforbundet. Han skaffa forbundet den første landsomfattande tariffavtalen i italiensk historie, og i 1913 vart han innvald i nasjonalforsamlinga, der han gjorde teneste i mange år.

Under første verdskrigen stod han i opposisjon til krigen og stridde for fred, blant anna deltok han i Zimmerwaldkonferansen av krigsmotstandarar.

I 1926 måtte Modigliani gå i eksil saman med kona Vera for å unngå fengsling. Mussolini var i ferd med å gjere Italia til ein fascistisk stat, og undertrykkinga vart stadig verre. Modigliani fór til Wien, men måtte fare derifrå då Austerrike vart innlemma i det nazistiske Tyskland i 1938. Dei fór vidare til Frankrike, og sidan til Sveits.

I 1947 flytta Modigliani tilbake til Italia, men døydde seinare same året, den 5. oktober. Kona Vera skipa ei Modiglianistifting som framleis finst, til studium av soga åt arbeidarrørsla og sosialismen i Italia.

Forfattaren Victor Serge skriv i «Memoirs d'un revolutionnaire» om Vera og Giuseppe Modigliani, som han møtte i Frankrike i 1940: «Med deres fuldendte værdighed er de begge indbegrebet af den besindige og ædle socialisme, som fandtes engang.» (Danskspråkleg utgåve, «En revolutionærs erindringer», Politisk revy /Pax Forlag).

Kjelder endre

  • Serge, Victor: En revolutionærs erindringer (Politisk revy/Pax Forlag)
  • [1]
  • [2]