Det italienske sosialistpartiet

Det italienske sosialistpartiet Partito Socialista Italiano (PSI) blei danna i Genova i 1892. Første leiaren var Filippo Turati.

Det italienske sosialistpartiet


LandItalia
Partileiar(ar)Filippo Turati
Grunnlagt14. august 1892
Nedlagt12. november 1994
HovudkvarterRoma
Medlemstal674 057 (1991)
Ideologisosialisme, Sosialdemokrati, Liberal sosialisme Sjå dette på Wikidata

Fleirtalet i partiet var anti-militaristar, noko som kom tydeleg til syne under krigen mot Libya i 1911 og da første verdskrigen braut ut i 1914. Italia gjekk med i krigen i mai 1915, men PSI støtta ikkje krigføringa. Dette til skilnad frå fleirtalet i mange andre sosialistiske og sosialdemokratiske parti.

Perioden etter våpenkvila i 1918 var kjenneteikna av sterk sosial misnøye, som nådde høgdepunktet under fabrikkokkupasjonane i september 1920. PSI stod sterkt, og var hovudfienden til fascistane.

Sosialistane blei i denne tida utsett for brutal terror frå fascistisk hald, også før Benito Mussolini blei regjeringssjef i ei borgarleg koalisjonsregjering i 1922. I 1924 blei den parlamentariske leiaren for sosialistane, Giacomo Matteotti, myrda. Da Italia blei ein fascistisk eittpartistat i 1927, blei sosialistpartiet heilt forbode, og måtte halde fram verksemda si illegalt og i eksil.

På 1920-talet blei elles partiet splitta to gonger. I 1921 braut ein kommunistisk fløy ut og skipa Det italienske kommunistpartiet PCI. Året etter braut høgrefløya ut og skipa sitt eige parti. PSI heldt fram som det største, med ei venstresosialistisk linje, til det blei heilt undertrykt av fascistane.

Etter krigen tok PSI opp att verksemda si, framleis med ein venstresosialistisk politikk. Men no var kommunistane i PCI blitt det største partiet på venstresida, takka vere ein særs aktiv innsats i den anti-fascistiske partisanrørsla. I etterkrigstida har PSI delvis samarbeidd med og samtidig konkurrert med kommunistane i PCI, og frå 1960-talet samarbeidde dei også med borgarlege parti som kristelegdemokratane DC. Den sentrale politikaren i PSI i etterkrigstida fram til slutten av 1970-talet, var Pietro Nenni.

På 1980-talet leidde Bettino Craxi PSI. Han la vekt på å skape avstand til kommunistane og å bringe PSI nærare sentrums- og høgrepartia. Som statsminister i samarbeidsregjeringar med dei borgarlege kunne han ta æra for sterk økonomisk vekst, men må samtidig ta skulda for ein sterk auke i statsgjelda.

Først på 1990-talet blei det meste i italiensk politikk endra. Craxi og andre i PSI under hans leiing blei tatt for korrupsjon, det same gjaldt mange i det kristelegdemokratiske DC. Oppslutninga om PSI forsvann praktisk tala heilt, og Craxi rømte til Tunisia i 1994. Ein av Craxi sine venner i denne perioden var elles noverande statsminister Silvio Berlusconi.

PSI gjekk i oppløysing. Nokre av Craxi sine støttespelarar i partiet gjekk sidan til Berlusconi sin høgreallianse, andre tidlegare PSI-tilhengarar støttar sentrum-venstrealliansen.

Kjelder endre

Hovudsakleg artikkelen Partito Socialista Italiano på den tyskspråklege wikipediaen, og E. H. Carr: The Bolshevik Revolution, bind 3, Penguin Books, 1977, ISBN 0 14 02.0751 1.