Giv'at Asaf (hebraisk skrift גִּבְעַת אָסָף eller Givat As(s)af, tyder Asafåsen) er ein israelsk utpost på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg 3,5 km frå busetjinga Beit El og er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. Han vart grunnlagd i mai 2001 etter mordet på Asaf Hershkovitz, ein innbyggjar i Ofra, som han er kalla opp etter. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]

Giv'at Asaf
גִּבְעַת אָסָף
utpost
Giv'at Asaf, fall 2011
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Mateh Binyamin
Koordinatar 31°54′41″N 35°14′56″E / 31.91139°N 35.24889°E / 31.91139; 35.24889
Grunnlagd mai 2001
Kart
Giv'at Asaf
31°54′41″N 35°14′56″E / 31.91138889°N 35.24888889°E / 31.91138889; 35.24888889
Wikimedia Commons: Giv'at Asaf

Kjelder endre

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.