Givat Harel
Givat Harel (hebraisk skrift גבעת הראל) er ei israelsk busetjing som vart grunnlagd i 1998.[1] Han er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune på den nordlege okkuperte Vestbreidda, nord for Nahal Shilo. Givat Harel ligg på ein ås mellom Eli og Shilo.
Givat Harel | |||
landsby | |||
Givat Harel
| |||
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | |||
![]() Givat Harel | |||
Wikimedia Commons: Giv'at Har'el | |||
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]
Giv'at Harel er kalla opp etter den 18 år gamle Harel Bin Nun,[3] som vart skoten og drepen av arabiske terroristar den 5. august 1998, medan han og venen Shlomo Liebman var på sivil tryggleikspatrulje i nærleiken av Yitzhar.[4]
Givat Harel er i dag heimstad for nesten 40 familiar.[5]
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Givat Harel» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Settlers take Sharon's advice, occupy hilltops, arkivert frå originalen 10. april 2016, henta 16. september 2015
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.
- ↑ Shilo Israel Children's Fund, arkivert frå originalen 7. november 2013, henta 16. september 2015
- ↑ Palestine and Arab Terror incidents 1994 - 2000
- ↑ Shilo: Education