Geble Pedersson
Geble Pedersson var den første protestantiske biskopen i Noreg.
Geble Pedersson | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1490 Herøy kommune |
Død | |
Yrke | prest, superintendent |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Geble var fødd på Teigstad på Dønna rundt 1490. Han var truleg av lågadelslekt. Frå 1523 til 1535 var han erkedegn i Bergen. I 1536 vart han utnemnd til katolsk biskop. Under reformasjonen oppheldt han seg i København. Her vart han vigsla til superintendent - reformasjonens namn på bispeembetet - saman med sju danske kollegaer. Herfrå reiste han attende til Bergen for å leie oppbygginga av den nye kyrkja i Bergen Stift.
Den første oppgåva han tok fatt på, var å få latinskolen på fote. Samstundes arbeidde han for at St. Olavs kyrkje skulle bli ei verdig domkyrkje.
Ved fødestaden vart det i 1999 reist ein seks meter høg granittbauta over kyrkjemannen og humanisten Geble Pedersson.
Kjelder
endre- Tore Gleinsvåg: «Bautaer / skulpturer i Dønna» i Årbok for Helgeland 2006