Gjegnabu
DNT-hytte i Bremanger i Vestland
Gjegnabu er ei DNT-hytte i Bremanger kommune, i Ålfotbreen landskapsvernområde og med utsikt til fjellet Gjegnen/Blånibba på 1670 moh. i nord. Hytta ligg på nær 1200 moh., med flott utsikt i eit særprega landskap. Geologien i landskapsvernområdet er prega av «hyller» med devonske bergartar, som konglomerat og sandstein.[1]
Hytta, som vart bygd i 1990, har pyramideform. Det er eitt rom og overnatting til seks personar.[2] Flora turlag administrerar Gjegnabu, som er ei ubetent turisthytte.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Ålfotbren Landskapsvernområde». Henta 2024=04=23.
- ↑ «Ut.no om Gjegnabu», ut.no, henta 23. april 2024
- ↑ «Våre hytter - DNT», www.dnt.no (på norsk bokmål), henta 23. april 2024