Blånibba eller Gjegnen er ein fjelltopp med høgde 1670 moh. og 1460 m primærfaktor. Toppen er den høgaste i Bremanger kommune i Vestland, han er også høgaste toppen i Nordfjord vest for Snønipa og det femte høgaste fjellet i Noreg ut frå primærfaktor. Vanlegaste turrute er i frå Hope/Hyen og opp Skordalen. Ein passerer ei ubetjent turisthytte eit lite stykke før Gjegnalundsbreen, Gjegnabu ligg høgt og fritt¨på nesten 1200 moh. med Gjegnen mot nord.

Blånibba/Gjegnen
fjell
Blånibba/Gjegnen sett frå isbreen Myklebustbreen.
Land  Noreg
Område Bremanger (Vestland)
Høgd 1 670 moh.
Primærfaktor 1 460 m
Koordinatar 61°48′13.52″N 5°49′16.44″E / 61.8037556°N 5.8212333°E / 61.8037556; 5.8212333
Kart
Gjegnen
61°48′14″N 5°49′16″E / 61.803755555556°N 5.8212333333333°E / 61.803755555556; 5.8212333333333
Wikimedia Commons: Gjegnet
Blånibba/Gjegnen sett frå Gjegnabu.

Vestsida av Blånibba har eit nær loddrett fall på over 1200 meter ned til Bjørndalsvatnet. Den beste utsikta mot denne sida av fjellet har ein frå lenger ute i Nordfjorden. Når ein har kome til topps, kan ein vandre eit par hundre meter ned til Galleriet. Galleriet liknar på mange måtar på ein liten versjon av Preikestolen i Rogaland.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre