Gjerdrum Idrettslag

(Omdirigert frå Gjerdrum IL)

Gjerdrum Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Gjerdrum kommune i Akershus fylke. Idrettslaget, som vart stifta 25. januar 1920, er aktive i i fotball, handball, innebandy, langrenn, alpin skiidrett, skiskyting, symjing og taekwondo. Tidlegare har idrettslaget også vore aktivt med i friidrett, orientering og skihopping.

Maiken Caspersen Falla

Lagsfargane til Gjerdrum IL er gult og svart. A-laget til Gjerdrum har som oftast delteke på nivå 4 og 5 i seriesystemet.

Gjerdrum-medlemen, langrennaren Maiken Caspersen Falla vart i 2014 olympisk meister i sprintøvinga. Ho har elles vunne fem gullmedaljar i verdsmeisterskap og like mange gullmedaljar i noregsmeisterskap på ski.

Kjelder endre