Opna hovudmenyen
Maiken Falla i 2019

Maiken Caspersen Falla (fødd 13. august 1990) er ein norsk langrennsløpar som representerer Gjerdrum Idrettslag. Ho vart olympisk meister i sprintøvinga under vinter-OL 2014 i Sotsji og tok bronsemedaljen i same øvinga i Ski-VM 2015. Falla har to NM-medaljar i sprint og har kome blant dei seks beste i verdscupen to gongar.

AktivEndra

Falla debuterte i verdscupen den 29. november 2008 på sprinten i Kuusamo. Ho vart nummer 22, men ein månad seinare tok ho ei overraskande tredjeplass på sprinten i Düsseldorf, bak Petra Majdič og Natalja Matvejeva. Falla og makkeren Celine Brun-Lie gjekk dagen etter inn til ein andreplass på sprintstafetten. Falla gjekk ankeretappen, og vart berre slått med to tidelar av Matvejeva.

Falla, som då representerte Lørenskog Skiklubb, tok si første NM-medalje på sprinten i NM på ski 2009, ein sølvmedalje bak Celine Brun-Lie. Falla tok bronse i klassisk sprint året etter.

I 2009/10-sesongen opna ho med ein 6. plass i verdscuprennet i klassisk sprint i [Kuusamo, den andre finaleplass hennar i verdscupen. Saman med Brun-Lie vart det tredjeplass i sprintstafetten i Düsseldorf i desember.

Falla deltok under vinterleikane 2014 i sprintøvinga, der ho gjekk heilt til topps framom landsmannen Ingvild Østberg.

BakgrunnsstoffEndra