Gjersrudtjern
Gjersrudtjern ligg på Klemetsrud sør i Oslo. Vatnet er næringsrikt og grunt, og husar ein rekke fiskeartar. Av desse er åbor, mort, gjedde, suter, karuss og ål. Vatnet er kjend hos meitefiskarar som eit middels godt sutervatn. Det er ikkje tilråda å ete fisken ein får her på grunn av miljøfarlig avrenning frå avfallsplassen Grønmo. Vegetasjonen rundt vatnet er tett.
Gjersrudtjern | |||
innsjø | |||
Foto: Ole Anders Flatmo | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Oslo | ||
Høgd over havet | 107 moh. | ||
Koordinatar | 59°49′59″N 10°50′36″E / 59.83306°N 10.84333°E | ||
Gjersrudtjern 59°49′59″N 10°50′36″E / 59.833055555556°N 10.843333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Gjersrudtjern |
Bakgrunnsstoff
endre- Vann- og avløpsetaten om Gjersudtjern Vitja 23. januar 2014
- Knut Are Tvedt, red. (2010). «Gjersrudtjern». Oslo byleksikon (5. utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 203. ISBN 978-82-573-1760-7.
- Tor Dagre, red. (1980). «Gjersrudtjern». Natur og miljø i Oslo. Oslo: Universitetsforlaget. s. 77-78. ISBN 82-00-05320-2.Denne geografiartikkelen som har med Oslo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.