Glasgow Walker
Studioalbum av John Martyn
Utgjeve 2000
Sjanger Folkrock, folkjazz, triphop
Lengd 53:02
Selskap Independiente
Produsent John Martyn, Spencer Cozens
John Martyn-kronologi 
The Church with One Bell
(1998)
Glasgow Walker On the Cobbles
(2004)


Glasgow Walker er det 21. studioalbumet til den skotske musikaren John Martyn og det første med nye songar på fire år.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars lenkje

Det var det første albumet hans der songane vart skrivne på eit klaverinstrument og ikkje på gitar, etter eit forslag frå venen Phil Collins. Det inneheld ein triphopsong, «Cool In This Life», etter at Martyn hadde eksperimentert med triphop på det tidlegare albumet And.

Albumet vart spelt inn i tre periodar. Dei første vart gjort i heimestudioet til Martyn i Skottland, størsteparten vart innspelt i The Washoose i Mill Studios i Kilkenny i Irland sommaren 1999 med Spencer Cozens og Reginald Hastings. Miksinga vart fullført i Abbey Road studios i London.

Kathryn Williams syng korvokal på «Can't Live Without» og «The Field of Play». Ho vart invitert med av Martyn etter at han hadde sett ho framføre «Saturday Sun» under ein konsert som hylla Nick Drake. Williams fortalte om innspelinga: «Han kom to timar for seint, stygt kledd, med smekken open og ein dress med søle på.»

Innhald endre

Alle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«So Sweet» 4:50
2.«Wildflower» 6:24
3.«The Field of Play» 5:48
4.«Cool in This Life» 4:20
5.«Feel So Good» 5:20
6.«Cry Me a River»Arthur Hamilton5:45
7.«Mama T» 5:52
8.«Can't Live Without» 4:12
9.«The Cat Won't Work Tonight» 4:57
10.«You Don't Know What Love Is»Gene DePaul, Don Raye5:19

Medverkande endre

  • John Martyn - vokal, gitar og klaverinstrument, produsent
  • Spencer Cozens - klaverinstrument, lydteknikar, produsent, programmering
  • Reginald Hastings - slidegitar
  • Stefon Taylor - klaverinstrument, programmering, lydteknikar
  • Arran Ahmun - trommer, perkusjon
  • Alan Thomson - bass
  • Jim Lampi - Chapman Stick
  • Phil Cunningham - trekkspel
  • Dave Heath - bassfløyte
  • Kathryn Williams - korvokal på «Can't Live Without» og «The Field of Play»
Teknisk
  • Guy Barker - produsent
  • Bone - lydteknikar, produsent
  • David Brinkworth - produsent, programmering
  • Anthony Minghella - produsent
  • Graham Walker - produsent
  • Gabriel Yared - produsent
  • Henry Warren - produsent, miksing
  • Nick Webb - Mastering

Kjelder endre