Glastonburyfestivalen

Glastonburyfestivalen er ein musikkfestival over fem dagar som blir halden i Pilton ved Glastonbury i Somerset sørvest i England. Han har vokse til å bli den største til å bli halden på eit område som elles er grønt jordbruksland.[1] Festivalen har rundt 175 000 vitjande.[2]

Pyramid Stage, den største scenen på Glastonbury.

Festivalen blei skipa i 1970 av Michael Eavis på garden hans Worthy Farm, og blei då kalla Pilton Festival. Rockegruppa Led Zeppelin innleidde denne første festivalen. Festivalen blei halde med ujamne mellomrom frå 1970 til 1981, og deretter kvart år med nokre kvileår.

I tillegg til musikk pleier det vera teater, dans, sirkus, kabaret, poesi og andre kunstformer ved festivalen.

Kjelder

endre
  1. «Glastonbury Festival 2017 in pictures: Ed Sheeran, Jeremy Corbyn and a blushing security guard». Daily Telegraph. 26. juni 2017. Henta 4. mai 2018. 
  2. «The Worlds's Biggest Music Festivals». Cnbc.com. 24. mars 2011. Henta 20. mai 2014.