Glil Yam
Glil Yam (hebraisk skrift גְּלִיל יָם) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta mellom Ramat HaSharon og Herzliya og høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2011 hadde han 423 innbyggjarar.[1]
Glil Yam | |||
גְּלִיל יָם | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Sharonsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Hof HaSharon | ||
Koordinatar | 32°9′23.75″N 34°49′51.23″E / 32.1565972°N 34.8308972°E | ||
Folketal | 423 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1943 | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Glil Yam 32°09′24″N 34°49′51″E / 32.156597222222°N 34.830897222222°E | |||
Kart som viser Glil Yam.
| |||
Wikimedia Commons: Glil-Yam |
Kibbutzen vart grunnlagd i 1943 av ei gruppe som samla seg i 1933. Landområdet som landsbyen vart grunnlagd på hadde blitt kjøpt av den arabiske landsbyen Ijlil av Jewish National Fund. Namnet er nemnt i Samaritanarboka, som òg vart bevart i namnet til den arabiske landsbyen.[treng kjelde]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Glil Yam» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 9. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (he)