Gobeleng

(Omdirigert frå Gobelin)

Gobeleng (av fransk gobelin) er eit vove veggteppe eller møbelstoff med innvovne fargar og figurar.[1] Det var opphavleg nemninga på vevnader frå ein fabrikk i kvarteret Les Gobelins i Paris. Dette kvarteret hadde namn etter fargarfamilien Gobelin, som åtte tomta til den første fabrikken som var skipa i 1662.[2] Veveteknikken blei utvikla i Frankrike på midten av 1600-talet, og førte til ei omfattande industriell framstilling av tekstile kopiar etter kartongar av kjende store kunstnarar i samtida. I dag blir namnet brukt om alle bilettekstilar som brukar denne teknikken, uavhengig av opphavsstad.

Ein basse lisse vevstol for mindre teppe.
Gobelin-veggteppe, ca. 1680, i Musée Nissim de Camondo i Paris.

Jean-Baptiste Colbert sette i gang produksjonen då han kjøpte lokala og tomta omkring i 1662 på vegner av kong Ludvig XIV. Mykje av den tidlege produksjonen dreidde seg om møbeltekstil. Byrjinga på den kunstnariske utviklinga stod hoffmålaren Charles Le Brun for. Frå 1667 blei fabrikkane utnemnde til kongeleg manufaktur. På grunn av pengeproblem blei fabrikken stengd i 1694, men gjenopna i liten skala 1697 for å levera til dei kongelege bygningane. Lønsemda var på den tida ikkje stor. Produksjonen blei nokså variabel, og det såg nesten ut til å koma ein full stopp tidleg på 1700-talet.

Ein snuoperasjon var løysinga. Ein av finanssekretærane til kongen, Louis Fagon, fekk oppdraget med å organisera prosjektet. Han hadde nettopp fått to av husa sine dekorerte av målaren Jean-Baptiste Oudry, og overtalte han til å ta på seg oppgåva. Oudry og partnaren hans Besnier sette i gang i 1734. Snuoperasjonen var svært vellukka og blei lønsam for alle partar. Oudry blei inspektør og kartongleverandør til alle dei franske fabrikkane. Det meste av arbeidskapasiteten hans i 1730-åra var bunden opp til dette.

Den franske revolusjonen sette ein stoppar for vidare drift, fram til slekta Bourbon sette henne i gang igjen kring 1830. Produksjonen blei då utvida til òg å omfatta golvteppe. Under kommunardopprøret blei bygningen delvis nedbrend. Produksjonen er i dag avgrensa til leveransar til offentlege bygg.

KjelderEndra

  1. Simonsen, Dag Finn (1999). Godt språk i lærebøker : rettleiing i lærebokarbeid. Oslo: Norsk språkråd. s. 65. ISBN 82 990559 7 0. 
  2. Koppen, Maria Brekke (1978). Innføring i billedvev. Oslo: Universitetsforlaget. s. 64-65. ISBN 82 00 25988 9. 
  • Denne artikkelen bygger på «Gobeleng» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2021.
  • Lacordaire, Notice historique sur les Manufactures impériales de tapisseries des Gobelins et de tapis de la Savonnerie, précédée du catalogue des tapisseries qui y sont exposées (Paris, 1853); Genspach, Répertoire détaillé des tapisseries exécutées aux Gobelins, 1662–1892 (Paris, 1893); Jules Guiffrey, Histoire de la tapisserie en France (Paris, 1878–1885). The last two authors were directors of the factory.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Gobeleng