Gobiørkenen
(Omdirigert frå Gobi)
Gobiørkenen er ein av dei største ørknane i verda. Han dekkjer sørdelen av Mongolia og norddelen av Folkerepublikken Kina i regionen Indre Mongolia. Ørkenen dekkjer om lag 1 295 000 km².
Gobiørkenen | |||
ørken | |||
Land | Kina, Mongolia | ||
---|---|---|---|
Gobiørkenen 42°30′N 103°00′E / 42.5°N 103°E | |||
Wikimedia Commons: Gobi Desert |
Gobiørkenen er ein relativt kald ørken, der ein stundom kan sjå rim og snjo på sanddynene. Dette kjem av at han ligg langt nord, og høgt oppe mellom 900 og 1500 moh. Temperaturane kan variera mellom - 40°C om vinteren og + 50°C om sommaren. Det kan også blåsa kraftig i ørkenen.
Av planteliv finn ein gras og buskar som toler turke. I den mongolske delen lever det nomadar som gjetarar i utkantane av ørkenen. No er dei for det meste fastbuande.
Kjelder
endre- «Gobi» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Gobi Desert» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2011.
Denne geografiartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.