Indre Mongolia
Indre Mongolia 内蒙古 ![]() | |
---|---|
Fleire namn | Kyrillisk: Өвөр Монгол (transkripsjon): Öbür mongγol Pinyin: Nèi Měnggǔ) |
Plassering | |
Kart over Indre Mongolia i Kina. | |
Styresmakter | |
Land | Folkerepublikken Kina, Republikken Kina |
Hovudstad | Hohhot |
Leiar | Bu Xiaolin, Wang Lixia |
Geografi | |
Flatevidd | 1,183,000 km2 km² |
Annan informasjon | |
Nettstad: www.nmg.gov.cn |
Indre Mongolia er ein autonom region i Folkerepublikken Kina.
GeografiEndra
Indre Mongolia grensar i nord til republikken Mongolia og Russland, i sør til provinsane Hebei, Shanxi, Shaanxi, Ningxia og Gansu og i aust til Liaoning, Jilin og Heilongjiang. Provinsen dekkjer 12 % av arealet til Kina, men berre 2 % av innbyggjarane bur der. Regionen er med andre ord ein av dei mest grisgrendte områda i Kina. Størstedelen av området ligg på mellom 1000 og 1500 moh., og store delar av Gobiørkenen ligg i Indre Mongolia.
InnbyggjararEndra
Folketalet består i 80 % hankinesarar, 17 % mongolar og minoritetsgruppene mandsjuar (2 %), huikinesarar (0,9 %), daur (0,3 %), evenkar, oroqin og koreanarar. Regionen har status som nasjonalt minoritetsområde for mongolane. Opphavleg var dei nomadefolk, men dei fleste er bufaste no til dags. Om lag 350 000 driv framleis med gjeting av buskap. Størstedelen av innbyggjarane er busette på Hetao-sletta langs Huang He og sideelvane og på Khorcinsletta. Dei største byane er industribyen Baotou og hovudstaden Hohhot. Berre 5 % av arealet i regionen er dyrka mark; dette har sjølvsagt med det barske klimaet å gjera.
HistorieEndra
Området vart politisk sameint med Kina då den mongolske hæren erobra Kina på 1200-talet. Seinare, då Ytre Mongolia vart liggjande inneklemt mellom interessene til Kina og Russland, blei Indre Mongolia verande under kinesisk innverknad. I 1947 oppretta dei kinesiske kommunistane Indre Mongolia som autonom region. I moderne tid har det vorte danna separatistrørsler i det mongolske folket i regionen.
Administrative einingarEndra
Indre Mongolia er delt inn i 12 prefektureiningar:
Desse er inndelte i 102 ulike typar fylke, som igjen er inndelte i 1425 ulike typar kommunar.
KjelderEndra
- «Indre_Mongolia» i Store norske leksikon, snl.no., skrive av Cato Næverdal.
- Bokmålswikipedia om Indre Mongolia, henta inn 26. mars 2011.