Godeberta (640-9. april eller 11. april 670; òg kalla Gotheberta og Gothoberta) var ein frankisk helgen og abbedisse, rekna som vernehelgen for Noyon, der klosteret hennar var. Namnet hennar skal vera gotisk for ‘inderlegheit’.[1]

Godeberta

Heilage Eligius og Godeberta måla av Petrus Christus.
Fødd640
Daud700
Helgendag11. juni; 11.april; i Noyon femte sundag etter påske

Liv og virke endre

Ho var fødd i Amiens, nord for Paris. Foreldra hennar var adelege med tilknyting til det kongelege hoffet, og skal ha vore fromme.[2] Godeberta fekk ei god utdanning.[3] Då ho var gammal nok, tok faren hennar med til hoffet for å få løyve for henne til å «gifta seg med nokon av passende rang og rikdom».[2][2] Den heilage Eligius, som var til stades ved hoffet, kunne sjå at ho ville «via jomfrudommen sin til Gud», og tok av seg biskopringen og sette han på fingeren hennar i nærvær av kongen, og erklærte henne ein nonne. Godeberta avviste ekteskapstilbod frå dei adelege friarane sine, og kongen, som var imponert av lidenskapen og oppførsla hennar, gav Godeberta eit lite slott i Noyon i Nord-Frankrike, med eit kapell vigd til heilage Jørgen. Ho gjorde staden om til ei kloster, der ho var abbedisse for 12 unge kvinner. Ho valde Eligius som andeleg rettleiar.[1][2][3]

Godeberta levde eit liv i bøn og einsemd på klosteret i Noyon resten av livet sitt. Ho forlet det av og til, når «kallet til veldedig arbeid eller religion førte henne fram blant folket», som omfatta mange heidningar. Ho praktiserte òg botsøvingar og fastar, og trudde på effekten av krossteiknet. I 676, då Noyon var truga av brann, gjorde ho krossteikn over flammene, som straks skal ha slokka, og ho skal dermed ha redda byen frå øydelegging.[3] Heilagdommen hennar skal elles ha ført til fleire mirakel.[1]

Død og ettermæle endre

Godeberta døydde i Noyon i 670,[1] truleg den 11. juni, sjølv om den nøyaktige dødsdatoen ikkje er dokumentert. Ho blei gravlagd i Jørgenskyrkja, som blei omdøypt etter henne. I 1168 blei leivningane hennar førte frå kyrkja, som då var i ruiner, til domkyrkja i Noyon. Relikviane hennar, som inkluderte ei klokke ho hadde brukt i klosteret og ringen Eligius gav henne, hadde overlevd. Under den franske revolusjonen gravla ein «from byborgar» relikviane hennar nær domkyrkja, og dei blei returnerte til kyrkja etter at revolusjonen var over. Sjølv om det ikkje finst mange historiske detaljer om Godeberta, blei ho rekna som ein verna i tider med «pest og katastrofar».[3] The Catholic Encyclopedia fortel at i 1866, då det var tyfusutbrot i Noyon, bad ein leiande borgar i byen som hadde mista barnet sitt om at relikviane til Godeberta skulle synast fram, at ein skulle utføra ein novene og at borna i byen skulle fasta i tre dagar og kle seg i sekk og oske. Utbrotet enda, og nokre veker seinare blei relikviane etter Godeberta førte i parade gjennom byen. Det blei også laga ein statue av Godeberta til minne om mirakelet.[1][3]

Festdagen til Godeberta er 11. juni; han blir òg feira i Noyon den femte søndagen etter påske. Ho er vernehelgen for Noyon, og blir påkalla mot pest og regn. Ho blir avbilda med ein ring i handa.[1] I 1449 måla den flamske kunstnaren Petrus Christus den heilage Eligius i verkstaden sin, som syner heilage Eligius, Godeberta og kongen i verkstaden til Eligius sin gullsmed, der Godeberta blir gjeven ringen som vigde henne til Kristus.[4] Måleriet er no ved Metropolitan Museum of Art.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Dunbar, Agnes B.C. (1901). A Dictionary of Saintly Women 1. London: George Bell & Sons. s. 362. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Baring-Gould, Sabine (1873). The Lives of the Saints (4th utg.). London: J. Hodges. s. 163. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4   Herbermann, Charles, red. (1909). Catholic Encyclopedia 6. New York: Robert Appleton Company. 
  4. Smith, H. Clifford (1914). «The Legend of S. Eloy and S. Godeberta, by Petrus Christus». The Burlington Magazine for Connoisseurs 25 (138): 326. ISSN 0951-0788. 
  5. Smith, H. Clifford (1914). «The Legend of S. Eloy and S. Godeberta, by Petrus Christus». The Burlington Magazine for Connoisseurs 25 (138): 326. ISSN 0951-0788.