Goldstream Peak
Goldstream Peak er eit fjell med ei høgd opp mot kring 2800 moh ved samløpet mellom ryggane til Mount Gjertsen, Mount Grier og Johansen Peak i La Gorce Mountains i Antarktis. Fjellet vart geologisk kartlagd av ei feltgruppe frå Arizona State University i US Antarctic Research Program, 1980–81, og vart namngjeven av Edmund Stump, leiaren for gruppa. Namnet kjem frå ein kontakt mellom grunne intrusjonar på vestsida av toppen, som har skapt fargar i gull, gult og brunt langs ei bølgjande linje.[1]
Goldstream Peak | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Marie Byrd Land | ||
• høgd | 2 800 moh. | ||
- koordinatar | 86°41′S 148°30′W / 86.683°S 148.500°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Goldstream Peak 86°41′00″S 148°30′00″W / 86.6833°S 148.5°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Goldstream Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 5. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Goldstream Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).