Marie Byrd Land er ein del av Vest-Antarktis som ligg aust for Ross isbrem og Rosshavet og sør for Stillehavet, og strekkjer seg austover om lag til ei linje mellom tuppen av Ross-isbremmen og Eights Coast. Det ligg mellom 158 °W og 103°24' W. Med i Marie Byrd Land er området mellom Rockefeller Plateau og Eights Coast fordi kontreadmiral Richard E. Byrd leia utforskinga av dette området. Namnet vart gjeve til området av admiral Byrd i 1929 etter kona hans. Det viste opphavleg til den nordvestlege delen av området, den delen som vart utforska det året.[1]

Kart over Antarktis; Marie Byrd Land ligg nedst til venstre mellom kravområda til New Zealand og Chile.
Isbrear og fjell i Marie Byrd Land sett frå lufta i oktober 2011.

Sjølv til å vere Antarktis, er området fjerntliggande og ingen nasjonar har gjort krav på området som utgjer det meste av Marie Byrd Land (delen aust for 150 °W). Det er det klårt største området på jorda som ingen har gjort krav på med eit areal på 1 610 000 km² (inkludert Eights Coast, like aust for Marie Byrd Land). I 1939 instruerte den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt medlemmane i United States Antarctic Service Expedition om å ta steg for å gjere krav på noko av Antarktis som kravområde for USA. Sjølv om det ser ut til at medlemmane gjorde dette, så vart ikkje krava formaliserte før 1959, då Antarktistraktaten vart danna. Somme publikasjonar i USA syner dette som eit USA-amerikansk område og Det amerikanske forsvarsdepartementet har ytra at USA har eit solid grunnlag for å gjere eit krav i Antarktis som følgje av aktivitetane deira før 1959.[2] Delen vest for 150 °W er ein del av Ross Dependency i New Zealand.

Kysten av Marie Byrd Land er delt inn i fem kystområde, som frå vest til aust er:

Nr. Sektor Vestleg grense Austleg grense
1 Saunders Coast 158°00'W 146°31'W
2 Ruppert Coast 146°31'W 136°50'W
3 Hobbs Coast 136°50'W 127°35'W
4 Bakutis Coast 127°35'W 114°12'W
5 Walgreen Coast 114°12'W 103°24'W
  Marie Byrd Land 158°00'W 103°24'W

Byrdstasjonen låg i Marie Byrd Land og var ein base nytta av Operation Deep Freeze. Stasjonen låg opphavleg ved 80°S, 120°W og vart sidan flytta til 80°S, 119°W. Basen vart kom i drift i 1957 i dei indre områda innanfor Bakutis Coast. Byrdstasjoen var den einaste store basen i det indre av Vest-Antarktis i mange år. I 1968 vart den første iskjernen som nådde heilt igjennom det antarktiske isdekket bora ut her. Stasjonen var bemanna året rundt, men vart nedlagt i 1972. Etter å ha blitt nytta om sommaren, vart Byrdstasjonen opna att av United States Antarctic Program (USAP) i 2009-2010 for å støtte operasjonar i det nordlege Vest-Antarktis.[3]

Byrdstasjonen vart nytta som utgangspunkt for den antarktiske basen i skrekkfilmen John Carpenter's The Thing.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Marie Byrd Land». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 13. oktober 2012. 
  2. Presidential Decision Directive NSC-26
  3. Antarctic Sun June 12, 2009 Henta 13. oktober 2012

80°00′S 120°00′W / 80.000°S 120.000°W / -80.000; -120.000