Goodbye Cruel World
Goodbye Cruel World Song av Pink Floyd frå albumet The Wall | ||
Utgjeve | 30. november 1979 | |
Innspelt | April-november 1979 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 1:17 | |
Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US) | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
---|---|---|
Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters |
Goodbye Cruel World er ein song av det britiske bandet Pink Floyd, skriven av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet The Wall i 1979.
Komposisjon
endreSongen er roleg og forholdsvis rytmisk med ein mjuk repeterande bassnote, som liknar bassriff som er brukt i tidlege Pink Floyd-songar som «Careful with That Axe, Eugene» og «See Emily Play». Det siste augneblikket av ordet «goodbye» vert sagt samtidig som musikken vert kutta. Det får det til å høyrast meir desperat ut, i tillegg til å fungere som eit symbol på at Pink kuttar ut alle band til verda omkring seg.
Plott
endreSom dei andre songane på The Wall fortel «Goodbye Cruel World» ein del av historia om hovudpersonen Pink. Songen omhandlar Pink sin reaksjon på at hans mentale mur no er ferdigbygd, og markerer at han no er heilt isolert frå samfunnet.
Medverkande
endre- Roger Waters – bassgitar, vokal
- Richard Wright – Prophet-5 synthesizer
Personell per Fitch og Mahon.[1]
Kjelder
endre- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg.), 2005. ISBN 1-894959-24-8
- ↑ Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb - A History of The Wall 1978-1981, 2006, s. 89