Goofus
Singel av The Carpenters
frå albumet A Kind of Hush
B-side

«Boat to Sail»

Utgjeve 11. juni 1976
Innspelt 1976
Sjanger Pop
Lengd 3:09
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Gus Kahn and Wayne King
Produsent Richard and Karen Carpenter
The Carpenters-kronologi 
«I Need to Be in Love»
(1976)
Goofus «Breaking Up Is Hard to Do»
(1976)


«Goofus» er ein popsong frå 1930 med musikk komponert av Wayne King og William Harold og tekst av Gus Kahn.

Populære versjonar

endre

Les Paul spelte inn songen i 1950 for Capitol Records. Denne versjonen nådde 21. plassen på singellista til Billboard i USA.[1]

Phil Harris gav ut sin versjon 13. oktober 1950 for RCA Victor Records. Den andre sida av singelen, «The Thing» vart den store hitten av dei to for Harris. Chet Atkins spelte inn «Goofus» i 1960 for studioalbumet Chet Atkins' Workshop.

The Carpenters-versjonen

endre

The Carpenters gav ut songen i 1976 som singel frå albumet A Kind of Hush. Men som eit teikn på den dalande populariteten til duoen, nådde ikkje singelen topp 40 på Billboard Hot 100, for første gong for duoen sidan 1969, før dei slo gjennom.

Lister

endre
Liste (1976) Plassering
U.S. Billboard Hot 100[2] 56
U.S. Billboard Easy Listening[2] 4
Canadian Singles Chart 82

Kjelder

endre
  1. Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 
  2. 2,0 2,1 «Goofus» USA chart history, Billboard.com. Henta 8. februar 2015.

Bakgrunnsstoff

endre