Breaking Up Is Hard to Do

Breaking Up Is Hard to Do
Singel av Neil Sedaka
frå albumet Neil Sedaka Sings His Greatest Hits
B-side

«As Long as I Live»

Utgjeve 1962
Sjanger Doo-wop, pop
Lengd 2:18
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) Neil Sedaka & Howard Greenfield
Neil Sedaka-kronologi 
«King of Clowns»
(1962)
Breaking Up Is Hard to Do «Next Door to an Angel»
(1962)


«Breaking Up Is Hard to Do» er ein song av Neil Sedaka, som han skreiv i lag med Howard Greenfield. Sedaka spelte inn songen to gonger, i 1962 og i 1975 i to heilt forskjellige arrangement. Det vert rekna som signaturlåten hans.[1] Ein annan song med det same namnet hadde tidlegare blitt spelt inn av Jivin' Gene [Bourgeois] og The Jokers i 1959.

1962-utgåva endre

Songen vert av Allmusic skildra som «to minuttar og seksten sekund med rein popmagi»,[1] og «Breaking Up Is Hard to Do» nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA den 11. august 1962 og selde godt verda over, stundom med teksten omsett til andre språk. TIl dømes vart den italienskspråklege versjonen kalla «Tu non lo sai» og spelt inn av Sedaka sjølv.

På denne versjonen vert syng jentegruppa The Cookies korvokal. Andre medverkande på innspelinga var Al Casamenti, Art Ryerson og Charles Macy på gitar; Ernie Hayes på piano; George Duvivier på bass; Gary Chester på trommer; Artie Kaplan på saksofon; George Devens og Phil Kraus på perkusjon; Seymour Barab og Morris Stonzek på cello; og David Gulliet, Joseph H. Haber, Harry Kohon, David Sackson og Louis Stone på fiolin.

1975-versjonen endre

Breaking Up Is Hard to Do
Singel av Neil Sedaka
frå albumet Overnight Success (UK); The Hungry Years (US)
B-side

«Nana's Song» (US)
GLonely Night/Angel Face» (Europa)

Utgjeve 1975
Sjanger Pop
Lengd 3:14
Selskap Rocket Records (US); Polydor Records (UK)
Låtskrivar(ar) Neil Sedaka, Howard Greenfield

Originalversjonen er ein livleg song, men Sedaka spelte han inn på ny som ein ballade i 1975. Det langsamare arrangementet vart opphavleg spelet inn av Lenny Welch som nådde 34. plassen på singellista i USA med denne i januar 1970. Sedaka sin langsame versjon nådde åttandeplassen i desember 1975 og nådde toppen av Easy Listening-lista.[2] Dette var berre andre gongen at ein artist hadde nådd topp 10 på Billboard-lista med to forskjellige versjonar av same song.

Andre versjonar endre

«Breaking Up Is Hard to Do» har blitt spelt inn av mange andre artistar gjennom åra:

Tysk versjon: «Abschiednehmen ist so schwer»

Fransk versjon: «Moi je pense encore à toi»

Spansk versjon: «Qué triste es el primer adiós»

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Breaking Up Is Hard To Do Song Review 29. november 2011
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 218. 

Bakgrunnsstoff endre