Gordon Duncan (14. mai 196414. desember 2005) var ein skotsk sekkepipespelar, fløytespelar og komponist, fødd i Turriff i Aberdeenshire.

Gordon Duncan
Fødd14. mai 1964
FødestadTurriff
Død14. desember 2005 (41 år)
DødsstadPitlochry
OpphavStorbritannia
Instrumentsekkepipe, skotsk sekkepipe
Verka sommusikar, komponist

Bakgrunn

endre

Duncan var fødd i Turriff i Aberdeenshire den 14. mai 1964. Foreldra hans var forpaktaren og balladesongaren Jock Duncan og Frances Duncan.[1] Jock Duncan blei medlem av North of Scotland Hydro-Electric Board kort tid etter at Duncan var fødd, og familien flytta til Thurso og deretter til Pitlochry.[1] Gordon fekk opphavleg opplæring av far sin. Han byrja spela sekkepipe då han var 10 år, og vann mange junior-konkurransar under rettleiinga til Walter Drysdale.[1] Han byrja å miste interessa for konkurransespel då han var 18 år, og var blitt snikkarlærling.[2]

Karriere

endre

Han fekk merksemd frå folkemusikkgrupper, og drog på turnéar i USA og Europa med Tannahill Weavers, Wolfstone og Ceolbeg. Han blei tilknytt Dougie MacLean, og spelte blekkfløyte på albuma hans.[2][3] Han byrja å komponera kort tid seinare, etter å ha reist gjennom Europa og opplevd andre musikktradisjonar, særleg bretonsk musikk.[2]

Han var ein svært innverknadsrik sekkepipespelar som braut grensene til tradisjonell sekkepipemusikk.[4] Han var medlem av Vale of Atholl Pipe Band, og speidde òg med Atholl Highlanders, i tillegg til å bli signert av Greentrax som soloartist.[2][5]

Duncan skapte ein ny stil med idiosynkratisk sekkepipemusikk.[1] Han nytta òg sekkepipe i ein versjon av AC/DC sin som «Thunderstruck».[2] Musikken hans er blitt høyrt ved T in the Park, Celtic Connections, Celtic Colours i Canada, Lorient-festivalen i Bretagne, der han vann MacAllan Trophy to gongar, og Fleadh Cheoil i Irland.[6][7]

Han arbeidde som renovasjonsarbeidar, og var kjend for å skribla komposisjonar på sigarettpakkar medan han var på jobb.[1]

Komposisjonar

endre

Duncan skreiv over hundre melodiar i livet sitt. Det kanskje best kjende verket hans, «Andy Renwick's Ferret», blei framført og spelt inn internasjonalt.[2][5][6]

Han arrangerte musikk for sekkepipekorpsa Vale of Atholl og ScottishPower.[8][9]

14. desember 2005 blei Duncan funnen død heime i Perthshire etter ein lang kamp med alkoholisme.[1] Graveferda hans blei haldnad ved Pitlochry Church of Scotland og hadde hundrevis av sekkepipespelarar til stades.[5][7]

I 2007 blei det halde ein konsert til minne om han, A National Treasure, i Perth arrangert av Gordon Duncan Memorial Trust. Dei neste fire åra synte BBC fram denne konserten.[7][10][11][12] I januar 2016 blei det halde ein ny minnekonsert, Just for Gordon - Celebrating a National Treasure, ved Glasgow Royal Concert Hall som del av Celtic Connections.[13]

Privatliv

endre

Duncan hadde ei kone, Mary, og ein son, Gordon, to systrar, og ein bror, Ian Duncan, som òg er sekkepipespelar.[1]

Diskografi

endre

Gordon Duncan spelte inn tre soloalbum, og eit album til blei samla og gjeve ut etter at han døydde av tidlegare oppteke materiale.[8][14][15]

  • Just for Seumas (1994)
  • Circular Breath (1997)
  • Thunderstruck (2003)
  • Just for Gordon (2007)

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Gilchrist, Jim (20. desember 2005). «Obituary: Gordon Duncan». The Scotsman. s. 33. Henta 7. april 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Adams, Rob (22. desember 2005). «Gordon Duncan; Renowned musician and composer». The Herald (Glasgow). s. 16. Henta 27. desember 2016. 
  3. Adams, Rob (13. desember 1990). «THEATRE / Brand new bag; Rob Adams reports on attempts to breathe new life into an ancient tradition». The Independent (London). s. 14. 
  4. «Young pipers heading off in new directions». The Scotsman. 15. august 2005. Henta 27. desember 2016. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Funeral of renowned piper who died at 41». Aberdeen Evening Express. 21. desember 2005. s. 18. 
  6. 6,0 6,1 McDonald, Graham (20. juni 2001). «Night with piper far from highland fling». Canberra Times (Australia). s. 8. 
  7. 7,0 7,1 7,2 English, Spaul (31. desember 2011). «Just for Gordon Sunday, BBC Alba, Pipers' Champion; Piper was Regarded as One of the Most Innovative Performers and Composers». Daily Record. s. 16–17. 
  8. 8,0 8,1 «Gordon Duncan: 1964–2006.(Obituary)». Sing Out!. 22. mars 2006. Arkivert frå originalen 29. juni 2014. Henta 20. mai 2014 – via HighBeam. 
  9. «Gordon Duncan». Allmusic. Henta 13. april 2013. 
  10. Gilchrist, Jim (20 September 2012). «Review : Folk, Jazz, Etc : Blowing up a storm in celebration of piper Duncan's legacy». The Scotsman. s. 10. Henta 27 December 2016. 
  11. Adams, Rob (26 September 2011). «A National Treasure V, Perth Concert Hall». The Herald (Glasgow). s. 17. Henta 13. april 2013. 
  12. «The Gordon Duncan Memorial Trust». The Gordon Duncan Memorial Trust. Henta 13. april 2013. 
  13. «Celtic Connections 2016: Director Donald Shaw picks 10 highlights». BBC News. 14 January 2016. 
  14. «Just For Gordon (CD)». Foot Stompin' Celtic Music. Henta 20. mai 2014. 
  15. «Gordon Duncan». Henta 13. april 2013.