Celtic Connections
Celtic Connections er ein festival for skotsk og annan folkemusikk skipa i 1994. Han er sidan blitt halden kvar januar i Glasgow i Skottland. Med over 300 konsertar, ceilidh-dansar, førelesingar, gratis arrangement, kveldsjammar og verkstadar har festivalen fokus på opphavet til skotsk tradisjonsmusikk, men har òg internasjonale folkemusikk-, roots- og verdsmusikkartistar. Festivalen blir produsert av Glasgow Life.
Celtic Connections | |||
Skipa | 1994 | ||
---|---|---|---|
Nettstad | https://www.celticconnections.com |
Historie
endreCeltic Connections-festivalen blei grunnlagd av Colin Hynd i 1994 for å fylla eit hol i tidsplanen til Glasgow Royal Concert Hall (GRCH), som normalt er roleg etter jul. Strategien til Hynd var å oppretta ein brei festival som strekte seg frå tradisjonsmusikk til meir ungdomsorientert musikk, og å promotera han gjennom BBC Radio Scotland. Han lykkast i å trekka til seg eit publikum på 33 000. Det fyrste året fann alle tilstellingane stad i GRCH-bygningen, og omfatta ikkje verkstader.[1]
Den andre festivalen i 1995 var igjen knytt til GRCH, og nytta òg ballsalen på Hospitality Inn (seinare Glasgow Thistle) i nærleiken. Det blei planlagd 130 arrangement, med meir enn 100 utøvarar, over sytten dagar, og med over 50 000 vitjande. Bladet Folk Roots merka seg særleg Alan Stivell og gjenforeiningskonsertane til både Moving Hearts og Relativity, og dei gryande talenta Cara Dillon og Shooglenifty. Bladet rosa både organisasjonen og personellet ved konserthallen.[2]
I 1996 blei den tredje festivalen halden i eit vidare område enn konserthallen, mellom anna Adelaide's (ein del av Baptist Church i Bath Street) og Barony Hall. Det blei også halde ein sjølvstendig cajun-festival på kultursenteret Tramway, og ein nattklubb. I eit arrangement som skulle bli eit særmerke for festivalen, møtte folkemusikk og klassisk musikk kvarandre med ei framføring av Aly Bain i lag med Scottish Ensemble. Amerikanske Jerry Douglas, Russ Barenberg og skotske Aly Bain og Phil Cunningham spelte saman, men ikkje endå under namnet Transatlantic Sessions, som slike samarbeid seinare skulle bli kalla. Artistar frå Skottland var mellom anna Capercaillie og Battlefield Band, og nokre av dei tilreisande var Cherish the Ladies, Martin Hayes & Dennis Cahill, Natalie McMaster, Janis Ian, Carlos Núñez og The Fureys. Det bretonske showet Heritage of the Celts, skapt av Dan Ar Braz og Dónal Lunny, blei omtalt som blanda i musikalsk samanheng, og leid av at Shotts og Dykehead Pipe Band trekte seg grunna økonomisk usemje. My Ain Countrie var ei særskild tilstelling skipa av Sheena Wellington med skotske kvinneleg songar og musikarar som Ishbel MacAskill, Karen Matheson, Christine Kydd, Corinna Hewat og Wrigley Sisters. Framtida til festivalen blei sagt å vera truga på grunn av omorganiseringa av lokale styresmakter.[3]
Den fjerde festivalen i 1997 hadde 61 000 tilskodarar. Det blei sagt at nattklubben var blitt for populær, med aggresjon ved inngangen. Old Fruitmarket var konsertlokale for Shooglenifty, Kevin Burke og Afro-Celt Sound System. Andre utøvarar var Paul Brady, Billy Bragg, Eddi Reader, Emmylou Harris, Iris DeMent, Steve Earle, Davy Spillane, La Bottine Souriante, Altan, Gwerz, Simon Thoumire og Deaf Shepherd. Ei ny tilstelling, The House of Song, førte fokus på tradisjonell folkesong.[4]
Donald Shaw, ein av grunnleggjarane av Capercaillie, blei utnemnd til kunstnarisk leiar for Celtic Connections i 2006. Han kunngjorde i februar 2018 at han ville trekka seg som direktør for festivalen, og blei etterfølgd av Jade Hewat og fleire gjestedirektørar. Sjølv skulle han halda fram som «creative producer» med ansvar for særskilde prosjekt og einskildframsyningar.[5][6] Shaw heldt også fram som talsperson for festivalen.[7]
I 2008 blei Celtic Connections halden for 15. gong. Talet på tilskodarar nådde 120 000, og det blei halde arrangement i 14 lokale i Glasgow over 19 dagar.[8]
I 2020 omfatta festivalen over 300 arrangement spreidde over 29 lokale, og meldte eit tilskodartal på 130 000,[9] med ein maksimal dagleg kapasitet på 25 000.
Artistar
endreNokre av artistane som har opptredd ved festivalen i er Bob Delyn a'r Ebillion, Waiora, Julie Fowlis, Joan Baez, Bob Geldof, Clannad, Capercaillie, Luar na Lubre, Kate Rusby, Sinéad O'Connor, Alison Krauss, Shane MacGowan, Runrig, Eddi Reader, Evelyn Glennie, Carlos Núñez, James Grant, Dougie MacLean, Billy Bragg, Blazin' Fiddles, Nielsen Chapman, Mariza, Seth Lakeman, The Clan Gregor Society Pipe Band, k.d. lang, Steve Earle, Idlewild, Teenage Fanclub, Snow Patrol, Bert Jansch og Bernard Butler, Malinky, Fran Healy,[10]Alan Stivell,[11] Alison Brown, Anna Coogan, Mary Chapin Carpenter & Barbara Dickson.
Kjelder
endre- ↑ «No shortbread please, we're Scottish». The Irish Times. 2. januar 2002. Henta 29. november 2020.
- ↑ Fahlin, Lars (April 1995). «Celtic Connections – The Second Gathering». Folk Roots (live review) (142): 107.
- ↑ Mathieson, Kenny (April 1996). «Celtic Connections». Folk Roots (live review) (154): 77.
- ↑ Mathieson, Kenny (April 1997). «Celtic Connections». Folk Roots (live review) (154): 76.
- ↑ Ferguson, Brian (4. februar 2018). «Donald Shaw to 'step aside' as Celtic Connections artistic director». The Scotsman. Henta 13. februar 2018.
- ↑ Miller, Phil (6. februar 2018). «Shaw changes Connections». The Herald. Pressreader. Henta 9. desember 2020.
- ↑ Ferguson, Brian (29. oktober 2020). «Celtic Connections to return in 2021 with 19-day 'digital first' festival». The Scotsman. Henta 9. desember 2020.
- ↑ «UK | Scotland | Glasgow, Lanarkshire and West | Celtic Connections draws 120,000». BBC News. 4. februar 2008. Henta 19. august 2014.
- ↑ Jobson, Jonny (6. februar 2020). «130,000 in attendance at Celtic Connections 2020 events». The National. Henta 24. november 2020.
- ↑ «Glasgow - News, views, gossip, pictures, video - Daily Record». Theglaswegian.co.uk. Henta 19. august 2014.
- ↑ «Great Breton». The Scotsman. 1. januar 2004. Henta 19. august 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Celtic Connections» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2023.