Aberdeenshire
Aberdeenshire (låglandsskotsk Cooncil o Aiberdeenshire, skotsk-gælisk Siorrachd Obar Dheathain) er ein av 32 sameinte regionar i Skottland.
Aberdeenshire Aiberdeenshire Siorrachd Obar Dheathain | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Areal |
6 313 km² |
Administrasjonsstad |
Aberdeen |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
241 500 38,3 /km² |

Dagens Aberdeenshire er ikkje medrekna City of Aberdeen, som i dag er ein eigen region, som han har fått namnet frå. I lag omfattar den moderne regionen og byen det historiske Aberdeenshire, eit av grevskapa i Skottland som tidlegare var ei administrativ eining. Det gamle grevskapet, utanom City of Aberdeen, er i dag eit statthaldarskap. Statthaldarskapet grensar til statthaldarskapet Banffshire, Inverness-shire, Perthshire, Angus og Kincardineshire.
Aberdeenshire rådforsamling held til i Woodhill House i Aberdeen; det einaste skotske regionsrådet som har sete utanfor grensene til regionen. Aberdeenshire grensar til Angus og Perth and Kinross i sør og Highland og Moray i vest. I nord og aust ligg Nordsjøen.
Sommarresidensen til dronning Elisabeth II, Balmoral Castle, ligg i Aberdeenshire.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Aberdeenshire» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2009.