Gordon Nunataks
Gordon Nunataks er ei gruppe nunatakar på sørsida av Mosbybreen, nær toppen, sør i det indre av Palmer Land i Antarktis. Dei vart kartlagde av U.S. Geological Survey frå flyfoto tekne under U.S. Navy, 1966–69. I samband med at stader i nærleiken er kalla opp etter oseanografar, vart dei namngjevne i 1977 av UK Antarctic Place-Names Committee etter Arnold L. Gordon, ein amerikansk oseanograf som var geologiprofessor ved Lamont–Doherty Geological Observatory i Columbia University i New York.[1]
Gordon Nunataks | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 72°53′S 63°48′W / 72.883°S 63.800°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Gordon Nunataks 72°53′00″S 63°48′00″W / 72.8833°S 63.8°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Gordon Nunataks». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gordon Nunataks» (innhald frå Geographic Names Information System).