Gornergletscher er ein dalbre på vestsida av Monte Rosa-massivet, nær ved Zermatt i kantonen Valais i Sveits. Isbreen er om kring 14 km lang og mellom 1 og 1,5 km brei. Gornergletscher med alle brearmane dekker ei flatevidd på 57 km² (1999), noko som gjer det til det nest største bresystemet i Alpane (etter Aletschgletscher.

Gornergletscher
isbre
Utsyn over Gornergletscher mot Matterhorn og Dent Blanche
Område Valais, Sveits
Type Dalbreen
Areal 57 km²
Lengd 14 km
Koordinatar 45°58′11″N 7°48′6″E / 45.96972°N 7.80167°E / 45.96972; 7.80167
Kart
Gornergletscher
45°58′11″N 7°48′06″E / 45.969722222222°N 7.8016666666667°E / 45.969722222222; 7.8016666666667
Wikimedia Commons: Gornergletscher

Fleire mindre brear renn inn i Gornergletscher. Ved sidan av hovudarma Gornergletscher er det Grenzgletscher, Zwillingsgletscher, Schwärzegletscher, Breithorngletscher og Theodulgletscher. Tidlegare var også Monte Rosa-gletscher knytt til bresystemet. Grenzgletscher er den største tilførselsbreen.

Grenzgletscher

Gornersee er eit isvatn som vert danna der Gorner- og Grenzgletscher flyt saman. Vatnet vert fylt kvart år, men forsvinn om sommaren. Vanlegvis vert vatnet tømt etter jøkullaup. Det er ein av få isbrear i Alpane der dette fenomenet oppstår.

Bresystmet er kjelde til elva Gornera som renn gjennom sjølve Zermatt. Størsteparten av vatnet vert i dag likevel leidd til ein dam, og går så med til å produsere elektrisk kraft.

Utsyn mot isbreen og dei i kring liggjande fjella har ein frå fjellet Gornergrat (3 100 m), dit det går jarnbane frå Zermatt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre