Got Live if You Want It!
Got Live If You Want It! Konsertalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. desember 1966 | |
Innspelt | 1. og 7. oktober 1966 bortsett frå «I’ve Been Loving You Too Long»: 11.-12. mai 1965 «Fortune Teller»: 9. juli 1963 begge med lyden av publikum lagt oppå 11.-20. oktober 1966: lydspor vart lagt på i studio | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 33:09 | |
Selskap | London/ABKCO | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
Kritikk | ||
---|---|---|
The Rolling Stones-kronologi | ||
Aftermath (1966 US) |
Got Live If You Want It! | Between the Buttons (1967)
|
Got Live If You Want It! er det første konsertalbumet til The Rolling Stones. Det vart gjeve ut i USA seint i 1966. Det vart ikkje offisielt gjeve ut i Storbritannia, som i staden fekk ei EP-utgåve i 1965. Albumet vart gjeve ut for å oppfylle kontrakten med det amerikanske plateselskapet London Records. Bandet sjølv var ikkje nøgd med albumet og såg heller på Get Yer Ya-Ya’s Out! (1970) som deira første verkelege konsertalbum.
Konsertane som songane er henta frå, vart visstnok haldne 1. og 7. oktober 1966 i Newcastle upon Tyne og Bristol under den siste britiske turneen deira på tre år. På plateomslaget står det derimot at songane vart spelte inn i Royal Albert Hall oppført. Sjølv om bandet gjekk i studio i oktober 1966 for å fikse på innspelinga, vart Got Live If You Want It! rekna som eit tamt og temmeleg dårleg konsertalbum. Studioinnspelingane «Fortune Teller» og «I’ve Been Loving You Too Long» vart med på albumet med lyden av skrikande jenter lagt oppå.
Albumet kom ut i desember, medan gruppa nærma seg slutten på innspelinga av Between the Buttons'. Albumet nådde sjetteplassen i USA tidleg i 1967 og selde til gull. Decca Records gav ut plata i Storbritannia som Have You Seen Your Mother Live!, medan King Records Japan gav ut albumet som Hits LIVE.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Under My Thumb» | 2:54 |
2. | «Get Off of My Cloud» | 2:54 |
3. | «Lady Jane» | 3:08 |
4. | «Not Fade Away» (Buddy Holly/Norman Petty) | 2:04 |
5. | «I’ve Been Loving You Too Long» (Otis Redding/Jerry Butler) | 2:55 |
6. | «The Last Time» | 3:08 |
7. | «Fortune Teller» (Naomi Neville) | 1:57 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «19th Nervous Breakdown» | 3:31 |
9. | «Time Is on My Side» (Norman Meade) | 2:49 |
10. | «I’m Alright» (Nanker Phelge) | 2:27 |
11. | «Have You Seen Your Mother, Baby, Standing in the Shadow?» | 2:19 |
12. | «(I Can’t Get No) Satisfaction» | 3:05 |
Medverkande
endre- Mick Jagger – solovokal, perkusjon
- Keith Richards – sologitar, vokal
- Brian Jones – gitarar, vokal, munnspel
- Charlie Watts – trommer
- Bill Wyman – bass
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Got Live If You Want It! (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2009.