Buddy Holly

amerikansk songar og gitarist

Charles Hardin Holley (7. september 19363. februar 1959), kjend som Buddy Holly, var ein USA-amerikansk musikar og songar-låtskrivar som var ein sentral person i rock and roll-bølgja i midten av 1950-åra. Han var fødd i Lubbock i Texas i ein musikalsk familie under den store depresjonen og lærte seg å spele gitar og syngje i lag med syskena. Stilen hans var inspirert av gospel, country og rhythm and blues, og han spelte i Lubbock med vener frå skulen. Han spelte første gongen på lokalt fjernsyn i 1952, og året etter danna han gruppa «Buddy and Bob» med venen Bob Montgomery. I 1955, etter å ha varma opp for Elvis Presley, valde han å satse på ein musikarkarriere. Han varma opp for Presley tre gonger det året. Bandet hans endra stil frå country til rock and roll. I oktober det året varma han opp for Bill Haley & His Comets og vart oppdaga av talentspeidaren Eddie Crandall frå Nashville, som hjelpte han til kontrakt med Decca Records.

Buddy Holly

Holly i 1958
Fødd7. september 1936(1936-09-07)
FødestadLubbock i Texas i USA
Død3. februar 1959 (22 år)
Dødsstadnær Clear Lake i Iowa i USA
FødenamnCharles Hardin Holley
AliasBuddy Holly
OpphavUSA
Aktiv1952–1959
Sjanger
InstrumentVokal, gitar
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarBuddy and Bob, The Crickets, The Picks, Waylon Jennings
PlateselskapDecca, Brunswick, Coral
Verka somSongar-låtskrivar, musikar, produsent
Gift medMaría Elena Holly
PrisarRock and Roll Hall of Fame, Grammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Innspelingane til Holly for Decca vart produserte av Owen Bradley. Holly var misnøgd med kontrollen Bradley hadde i studio og med lyden som vart skapt der, så han gjekk til produsenten Norman Petty i Clovis i New Mexico, og spelte inn ein demo av mellom anna «That'll Be the Day». Petty vart manager for bandet og sende demoen til Brunswick Records, som gav han ut som ein singel under namnet «The Crickets», som vart namnet til bandet til Holly. I september 1957, då bandet var på turné, toppa «That'll Be the Day» den amerikanske «Best Sellers in Stores»-lista og UK Singles Chart. Suksessen vart følgd opp av ein annan stor hit i oktober med «Peggy Sue».

Albumet Chirping Crickets kom ut i november 1957 og nådde femteplassen på UK Albums Chart. Holly spelte andre gongen på The Ed Sullivan Show i januar 1958 og kort tid etter turnerte han i Australia og Storbritannia. Tidleg i 1959 sette han saman eit nytt band, som bestod av den framtidige countrystjerna Waylon Jennings (bass), den kjende studiomusikaren Tommy Allsup (gitar) og Carl Bunch (trommer), og la ut på ein turné i den amerikanske Midtvesten. Etter ein konsert i Clear Lake i Iowa, hyrte han eit fly for å kome seg til den neste konserten i Moorhead i Minnesota. Kort tid etter flyet letta, styrta det og tok livet av Holly, Ritchie Valens, The Big Bopper og piloten Roger Peterson i ein tragedie som seinare vart kalla «The Day the Music Died» av Don McLean.

I løpet av den korte karrieren sin skreiv, spelte inn og produserte Holly sine eigne songar. Han vert ofte rekna som artisten som definerte den tradisjonelle rock and roll-besetninga med to gitarar, bass og trommer. Han var ei stor inspirasjonskjelde for seinare popartistar, som Bob Dylan, The Beatles, The Rolling Stones, Eric Clapton og Elton John. Han var blant dei første artistane som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, i 1986. Magasinet Rolling Stone rangerte han på 13. plassen på lista si over dei hundre største artistane gjennom tidene.

Liv og karriere endre

Tidleg liv og karriere (1936–1955) endre

Buddy Holly vart fødd Charles Hardin Holley den 7. september 1936, i Lubbock i Texas. Han var det fjerde barnet til Lawrence Odell «L.O.» Holley (1901–1985) og Ella Pauline Drake (1902–1990). Dei eldre syskena hans var Larry (fødd i 1925), Travis (1927–2016),[1] og Patricia Lou (1929–2008). Frå tidleg av vart han kalla «Buddy».[2] Under den store depresjonen flytta familien Holley ofte rundt i Lubbock då L.O. byta jobb fleire gonger. Buddy Holly vart døypt som baptist, og familien var medlemmar av Tabernakel baptistkyrkje.[2]

Familien Holley hadde musikkinteresse og alle i familien, utanom L.O., kunne spele eit instrument eller syngje. Dei eldre Holley-brørne spelte i lokale talentshow, og ved eitt høve var Buddy med dei på fiolin. Sidan han ikkje kunne spele fiolin, smurde broren Larry strengane med feitt for at dei ikkje skulle lage lyd. Brørne vann konkurransen.[3] Under andre verdskrigen vart Larry og Travis kalla inn i militærteneste. Då dei kom attende, hadde Larry med seg ein gitar han hadde kjøpt av ein skipskamerat medan han segla i Stillehavet. 11 år gammal byrja Buddy å ta pianotimar, men gav opp etter ni månader. Han byta til gitar då han såg ein klassekamerat syngje og spele på skulebussen. Foreldra til Buddy kjøpte han først ein steelgitar, men han insisterte på ein gitar slik broren hadde. Foreldra hans kjøpte gitaren frå ein pantelånar, og Travis lærte han å spele.[4]

I barndomen var Holley inspirert av musikken til Hank Williams, Jimmie Rodgers, Hank Snow, Bob Wills og The Carter Family. Ved Roscoe Wilson Elementary vart han vener med Bob Montgomery, og dei to spelte i lag og øvde på songar av Louvin Brothers og Johnnie & Jack.[5] Dei lytta begge til radioprogramma Grand Ole Opry, Louisiana Hayride og Big D Jamboree. Samstundes spelte Holley med andre musikarar han møtte på skulen, som Sonny Curtis og Jerry Allison.[6] I 1952 deltok Holley og Jack Neal som ein duo kalla Buddy and Jack i ein talentkonkurranse i eit lokalt fjernsynsshow. Etter Neal drog, vart han erstatta av Montgomery og dei kalla seg Buddy and Bob. Dei to byrja etter kort tid å spele på radioshowet Sunday PartyKDAV i 1953 og heldt konsertar i Lubbock.[7] På denne tida var Holley inspirert av nattradiostasjonar som spelte blues og rhythm and blues (R&B). Holley sat i bilen sin med Curtis og søkte etter fjerntliggande radiostasjonar dei berre kunne få inn om natta, når den lokale sendinga var over.[8] Holley oppdaterte så musikken sin med å blande den tidlegare country-musikken sin med påverknad frå R&B.[9]

I 1955, etter han var ferdig med den vidaregåande skulen, valde Holley å satse på musikken for fulltid. Han vart særleg inspirert etter å ha sett Elvis Presley på scenen i Lubbock. I februar varma Holley opp for Presley i Fair Park Coliseum, i april i Cotton Club, og igjen i juni i Coliseum. På den tida hadde han teke med seg Larry Welborn på ståbass og Allison på trommer i bandet sitt, og endra stilen frå country til rock and roll etter å ha sett konsertane til Presley og høyrt musikken hans.[8] I oktober vart Haley oppvarmingsartist for Bill Haley & His Comets med talentspeidaren Eddie Crandall frå Nashville i salen. Crandall vart imponert og overtydde manageren for Grand Ole Opry, Jim Denny, om å få platekontrakt for Holley. Denny sendte eit demolydband til Paul Cohen, som fekk bandet signert til Decca Records i februar 1956.[10] I kontrakten feilstava Decca namnet til Holley som «Holly», og frå den tid vart han kjend som «Buddy Holly».[11]

Den 26. januar 1956 møtte Holly opp på den første formelle innspelinga si, som vart produsert av Owen Bradley.[12] Han var på to innspelinga til i Nashville, men sidan produsenten valde ut studiomusikarar og arrangement, vart Holly stadig meir frustrert over mangelen på kunstnarisk kontroll.[10] I april 1956 gav Decca ut «Blue Days, Black Nights» som singel, med «Love Me» som B-side. Denny tok med seg Holly på turné som oppvarming for Faron Young. På turneen vart dei omtalt som Buddy Holly and the Two Tones, men seinare kalla Decca dei Buddy Holly and the Three Tunes.[10] Selskapet gav seinare ut den andre singelen til Holly, «Modern Don Juan» med B-sida «You Are My One Desire». Ingen av singlane gjorde det særleg bra. Den 22. januar 1957 informerte Decca Holly om at kontrakten hans ikkje kom til å bli fornya, men insisterte på at han ikkje kunne spele inn dei same songane for nokre andre dei neste fem åra.[13]

The Crickets (1956–1957) endre

 
Buddy Holly and the Crickets i 1957 (øvst til nedst: Allison, Holly og Mauldin)

Holly var ikkje nøgd med resultata frå tida si hos Decca. Han var inspirert av suksessen til Buddy Knox sin «Party Doll» og Jimmy Bowen sin «I'm Stickin' with You», og vitja Norman Petty, som hadde produsert og marknadsført begge singlane. I lag med Allison, bassisten Joe B. Mauldin og rytmegitaristen Niki Sullivan, drog han til studioet til Petty' i Clovis i New Mexico. Gruppa spelte inn ein demo av «That'll Be the Day», ein song dei tidlegare hadde spelt inn i Nashville. Holly spelte no sologitar og fekk fram lyden han hadde sett for seg. Petty vart manageren hans og sende plata til Brunswick Records i New York City. Holly, som framleis var under kontrakt med Decca, kunne ikkje gje ut plata under sitt eige namn, så eit bandnamn vart nytta i staden. Allison føreslo Crickets. Brunswick gav Holly ein enkel avtale om å gje ut «That'll Be the Day», og gav han både kunstnarisk kontroll og økonomisk ansvar for framtidige innspelingar.[14] Selskapet var imponert av demoen og platesjefane gav ut innspelinga utan å spele inn ein ny versjon. «I'm Looking for Someone to Love» var B-sida. Singelen var tilskriven Crickets. Petty og Holly fekk seinare vite at Brunswick var eit dotterselskapet av Decca, som gjorde at han fekk løyve til å gje ut framtidige innspelingar under namnet Buddy Holly. Innspelinga tilskriven til Crickets vart gjevne ut på Brunswick, medan innspelingane under namnet til Holly vart gjeven ut på ein annan etikett, Coral Records. Holly hadde derfor platekontrakt med begge selskapa.[15]

«That'll Be the Day» kom ut 27. mai 1957. Petty hyra Holly og The Crickets for ein turné med Irvin Feld, som hadde lagt merke til bandet etter «That'll Be the Day» dukka opp på R&B-salslista. Han hyrte dei for konsertar i Washington, D.C., Baltimore og New York City.[16] Bandet spelte på Apollo Theater i New York frå 16. til 22. august. Gruppa imponerte ikkje publikum under den første konserten, men dei vart akseptert etter at dei byrja å spele «Bo Diddley» på showa sine. Mot slutten av perioden på Apollo klatra «That'll Be the Day» på listene. Petty vart oppmuntra av suksessen og førebudde to album for utgjeving, eit soloalbum for Holly og eit anna for The Crickets.[17] Holly spelte på American Bandstand, med programleiaren av Dick ClarkABC, den 26. august. Before leaving New York, the band befriended the Everly Brothers.[18]

«That'll Be the Day» toppa den amerikanske «Best Sellers in Stores»-lista («bestseljarar i butikkar») den 23. september og var nummer ein på UK Singles Chart i tre veker i november.[19] Den 20. september gav Coral ut «Peggy Sue» med B-sida «Everyday» med Holly som artist. Innan oktober nådde «Peggy Sue» tredjeplassen på poplista til Billboard og andreplassen på R&B-lista. I Storbritannia nådde songen sjetteplassen. Etter kvart som songen vart meir populær fekk Holly meir merksemd og bandet vart på den tida kalla Buddy Holly and The Crickets.[20]

Den siste veka av september flydde bandmedlemmane til Lubbock for å vitje familiane sine.[21] Skulekjærasten til Holly, Echo McGuire, hadde forlate han for ein annan elev.[22] Utanom McGuire, hadde Holly eit forhold med June Clark frå Lubbock.[23] Etter Clark enda forholdet deira, forstod Holly kor viktig forholdet hans med McGuire var og rekna forholdet til Clark som ein kort affære.[22] Samstundes sette Petty i staden den neste innspelinga deira i Oklahoma City, der han spelte med sitt eige band. Medan bandet køyrte til staden, sette produsenten opp eit mellombels studio. Resten av songane dei trong for albumet og singlar vart spelte inn. Petty dubba seinare materialet i Clovis.[21] Resultatet vart albumet The "Chirping" Crickets som kom ut 27. november 1957. Det nådde femteplassen på den britiske albumlista. I oktober gav Brunswick ut den andre singelen til The Crickets, «Oh, Boy!» med «Not Fade Away» som B-side. Singelen nådde tiandeplassen på poplista og 13. plassen på R&B-lista.[20] Holly og The Crickets framførte «That'll Be the Day» og «Peggy Sue» på The Ed Sullivan Show den 1. desember 1957. Etter framsyninga forlet Niki Sullivan gruppa på grunn av den omfattande turneringa. Den 29. desember framførte Holly og The Crickets «Peggy Sue» på The Arthur Murray Party.[24]

Internasjonale turnear (1958) endre

Den 8. januar 1958 vart Holly and The Crickets med på America's Greatest Teenage Recording Stars-turneen.[25] Den 25. januar spelte Holly inn «Rave On» og neste dagen spelte for andre gongen på The Ed Sullivan Show, der han song «Oh, Boy!»[25] Han drog så til HonoluluHawaii, den 27. januar, og la så ut på ein vekes lang turné til Australia.[26] I mars turnerte bandet i Storbritannia og spelte 50 konsertar på 25 dagar.[27] Same månaden kom det førte soloalbumet hans, Buddy Holly, ut. Då dei vende heim att til USA vart Holly and The Crickets med på Alan Freed sin Big Beat Show-turneen for 41 konsertar. I april gav Decca ut That'll Be the Day med songane spelte inn med Bradley under dei tidlege Nashville-innspelingane.[28]

Ei ny innspeling i Clovis vart arrangert i mai. Holly hyrte Tommy Allsup til å spele sologitar. Under innspelinga spelte dei inn «It's So Easy» og «Heartbeat». Holly var imponert av Allsup og inviterte ham med i The Crickets. I juni reiste Holly aleine til New York for ei soloinnspeling. Utan The Crickets valde han å bli akkompagnert av eit jazz- og R&B-band og spelte inn «Now We're One» og Bobby Darin sin «Early in the Morning».[29]

Under eit besøk til kontora til Peer-South, møtte Holly María Elena Santiago. Han bad ho ut på det første møtet deira og han fridde til ho på den første stemnemøtet. Bryllaupet fann stad 15. august. Petty likte ikkje ekteskapet og rådde Holly til å halde det løynd for å ikkje gjere den kvinnelege fansen til Holly lei. Reaksjonen til Petty skapte splid mellom han og Holly, som òg hadde byrja å stille spørsmål ved bokføringa til Petty. The Cricket var frustrert fordi han kontrollerte alle inntektene til bandet, og var òg i konflikt med Petty.[30]

Holly og Santiago vitja mange av musikkstadane i New York, som Village Gate, Blue Note, Village Vanguard og Johnny Johnson's. Santiago sa seinare at Holly ønskte å lære seg flamencogitar og at han ofte vitja tanta si heime for å spele på pianoet der. Holly planla samarbeid mellom soulsongarar og rock and roll. Han ønskte å lage eit album med Ray Charles og Mahalia Jackson. Han hadde òg ambisjonar om å arbeide med film og registrerte seg for skodespelartimar med Lee Strasburg sitt Actors Studio.[31]

Santiago var med Holly på turneane. For å skjule ekteskapet til Holly, vart ho presentert som sekretæren til The Crickets. Ho tok seg av klesvasken og få utstyret satt opp og henta inn konserthonorara. Santiago heldt attende pengane for bandet i staden for å sende dei til Petty i New Mexico.[32] Ho og tanta hennar Provi Garcia, som var sjef for den latinamerikanske avdelinga ved Peer-Southern, overtydde Holly om at Petty betalte honorara til bandet frå Coral-Brunswick inn til sin eigen konto i selskapet. Holly planla å få attende honorara sine frå Petty og så seinare sparke han som manager og produsent. Etter tilråding frå The Everly Brothers, hyrte Holly advokaten Harold Orenstein for å forhandle honorara hans.[33] Problema med Petty oppstod då han ikkje klarte å betale Holly. På den tida kravde Manny Greenfield, som arrangerte turnear, attende ein stor del av inntektene til Holly. Greenfield hadde hyrt Holly for konsertar under dei tidlegare turneane. Dei to hadde ein munnleg avtale der Greenfield skulle få fem prosent av inntektene. Greenfield følte òg seinare at han fungerte som manager for Holly og derfor burde få betre betalt, noko Holly nekta han. Greenfield saksøkte så Holly. Etter lova i New York vart inntektene fryste fram til det kom til ei avgjersle i saka, fordi inntektene til Holly hadde opphav i New York og vart sendte ut av staten. Petty kunne derfor ikkje fullføre overføringane til Holly, som rekna han som ansvarleg for dei manglande inntektene.[34]

I september drog Holly attende til Clovis for ei ny innspeling, som resulterte i «Reminiscing» og «Come Back Baby». I løpet av denne innspelinga prøvde Holly seg òg som produsent for ein DJ frå Lubbock, Waylon Jennings. Holly produserte singelen «Jole Blon» og «When Sin Stops (Love Begins)» for Jennings.[35] Holly vart stadig meir interessert i musikk frå New York. Santiago og Holly flytta inn i leilegheit 4H i Brevoort Apartments, ved 11 Fifth Avenue i Greenwich Village, der han spelte inn ei rekkje akustiske songar, som «Crying, Waiting, Hoping» og «What to Do».[36] Inspirasjonen til å spele desse songane vert stundom sagt å kome frå slutten på forholdet til McGuire.[37] I oktober spelte Holly inn songar for Coral. Desse vart akkompagnert av saksofonisten Boomie Richman og eit 18 mann stort orkester som bestod av tidlegare medlemmar i NBC Symphony Orchestra. I løpet av tre og ein halv time spelte dei inn «It Doesn't Matter Anymore», «Raining in My Heart», «Moondreams» (skriven av Petty) og «True Love Ways».[38]

Holly avslutta sambandet til Petty i desember 1958. Bandmedlemmane heldt Petty som manageren sin, og Holly slutta òg å spele med The Crickets. Petty beheldt framleis pengane frå honorara, og tvang Holly til å danne eit nytt band å legge ut på ny turné.[39]

Winter Dance Party-turneen og dødsfallet (1959) endre

 
Skilt nær staden der flyet styrta ved Clear Lake.

Holly var på ferie med kona i Lubbock og vitja radiostasjonen til Jennings i desember 1958.[40] For starten av Winter Dance Party-turneen sette han saman eit band som bestod av Waylon Jennings (elektrisk bass), Tommy Allsup (gitar) og Carl Bunch (trommer).[41] Holly og Jennings drog til New York City og kom fram 15. januar 1959. Jennings budde hos Holly ved Washington Square Park i dagane før dei skulle møte hos General Artists Corporation, som organiserte turneen.[42] Dei reiste så med tog til Chicago for å møte resten av bandet.[43]

Winter Dance Party-turneen byrja i Milwaukee i Wisconsin, den 23. januar 1959. Det var mykje reising som førte til logistikk-problem, sidan ein ikkje hadde teke omsyn til avstanden når dei hadde sett opp konsertane. I tillegg braut bussane, som ikkje hadde varmeanlegg, saman to gonger i det kalde vêret. .Dette førte til at trommeslagaren Carl Bunch hamna på sjukehus med frostskadar på tærne (som han fekk om bord på bussen), så Holly valde å sjå etter andre transportmåtar.[44] Før konserten deira i Clear Lake i Iowa, den 2. februar, leigde Holly eit Beechcraft Bonanza-fly med fire sete frå Dwyer Flying Service i Mason City i Iowa, for Jennings, Allsup og han sjølv. Holly tenkte å ta flyet etter konserten i Surf Ballroom i Clear Lake og fly til den neste staden i Moorhead i Minnesota, via Fargo i Nord-Dakota, slik at dei fekk tid til å kvile, vaske klede og unngå den harde bussturen. Like etter konserten i Clear Lake (som enda like før midnatt), tapte Allsup eit myntkast og gav opp setet sitt til Ritchie Valens, medan Waylon Jennings frivillig gav opp setet sitt til J. P. Richardson (the Big Bopper), som hadde influensa og klaga over at turnébussen var for kald og ukomfortabel for ein mann på hans storleik.[45]

Då dei gjekk om bord på flyet etter Clear Lake-konserten, gjekk Allsup med på å kaste mynt om setet med Valens. Allsup tok fram ein ny halvdollar, og Ritchie vann. «Det er første gongen eg har vunne noko i heile livet mitt», skal Valens ha sagt. Allsup opna seinare ein restaurant i Fort Worth i Texas kalla Heads Up etter myntkastet som redda livet hans.[46]

Piloten Roger Peterson tok av i dårleg vêr, sjølv om han ikkje var sertifisert til å fly med berre instrument. Kort tid etter 01,00 om natta 3. februar 1959 omkom Holly, Valens, Richardson og Peterson momentant då flyet styrta i ein åker kring 8 km nordvest for Mason City i Iowa kort tid etter dei letta.[47] Lika av musikarane vart alle kasta ut av flyet då det råka bakken, medan kroppen til Peterson vart verande i vraket. Holly pådrog seg dødeleg traume til hovudet og brystet og hadde fleire flenger og brot i armar og bein.[48]

 
Gravsteinen til Holly i City of Lubbock Cemetery

Gravferda til Holly vart halde 7. februar 1959 i Tabernacle Baptist Church i Lubbock. Presten under gravferda var Ben D. Johnson, som hadde vore prest under bryllaupet hans berre månader tidlegare. Kisteberarane var Jerry Allison, Joe B. Mauldin, Niki Sullivan, Bob Montgomery, Sonny Curtis og Phil Everly.[49] Waylon Jennings kunne ikkje møte i gravferda, fordi han framleis måtte delta på Winter Dance Party-turneen. Holly vart gravlagd i City of Lubbock Cemetery, aust i byen. Gravstøtta hans har det korrekte etternamnet hans (Holley) og ei gravering av Fender Stratocaster-gitaren hans.[50]

Image og stil endre

Syngjestilen til Holly var prega av vokale hikk og veksling mellom vanleg røyst og falsett.[51] Den «stammande vokalen» vart supplert med ein perkussiv gitarstil soloar, stop, bøygde notar og akkordprogressjonar frå rhythm and blues.[52] Han klimpra ofte nedover, som vart akkompagnert av den drivande tromminga til Allison.[9]

Holly kjøpte den første Fender Stratocasteren sin, som vart signaturgitaren hans, hos Harrod Music i Lubbock for 249,50 amerikanske dollar. Fender Stratocasterar var populære hos countrymusikarar, og Holly valde gitaren på grunn av lyden han skapte.[53] Den «innovative» spelestilen hans var skildra som ei blanding av «grov rytme» og «soloar på dei lyse strengane». Han spelte på den første Stratocasteren sin, ein modell frå 1954, før denne vart stolen i Michigan under ein turné i 1957. Han kjøpte då ein 1957-modell før ein konsert i Detroit. Holly eigde fire eller fem Stratocasterar gjennom karrieren.[54]

I byrjinga av musikarkarrieren sin gjekk Holly og bandet hans i dress. Etter dei møtte The Everly Brothers, tok Don Everly bandet med seg til Phil's herrebutikk i New York City og viste dei Ivy League-klede. Brørne rådde Holly om å erstatte dei gammaldagse brillene med hornbriller, som var blitt gjort populære av Steve Allen.[55] Holly kjøpte nokre briller laga i Mexico frå ein optikar i Lubbock. Etterspurnaden etter slike briller blant tenåringar i USA auka kraftig, og dei vart seinare berre kalla «Buddy Holly-briller».[56]

Då flyet styrta vart vraket og eigedelane kasta mange meter rundt over snødekt bakke. Medan dei andre eigedelane vart funne med ein gong, var det ingen spor etter brillene. Ein trudde dei var gått tapt, men i mars 1980 vart dei oppdaga i eit lager i tinghuset i Cerro Gordo County av sheriffen Gerald Allen. Dei hadde blitt funne på våren 1959 etter at snøen smelta, og levert til sheriffkontoret. Dei vart lagt i ein konvolutt datert 7. april 1959 i lag med klokka til Big Bopper, ein lighter, to terningar og delar av ei anna klokke, og lagt bort då tinghuset flytta. Brillene, som mangla glas, vart gjevne attende til Maria Elena eit år seinare, etter ein juridisk kamp om dei med foreldra hans. Dei er no til utstilling i Buddy Holly Center i Lubbock i Texas.[57][58]

Ettermæle endre

Buddy Holly let etter seg mange uferdige innspelingar: solotranskripsjonar av nye songar, uformelle jammar med bandkollegaene, eller lydband som demonstrerte songar meint for andre artistar. Dei fleste nyare innspelingane, som vart spelte in i leilegheita hans seint i 1958, var dei siste seks originale songane hans. I juni 1959 overdubba Coral Records to av dei med korvokal av Ray Charles Singers og studiomusikarar i eit forsøk på å etterlikne den etablerte Crickets-stilen. Dei ferdige songane vart den første posthume singelen til Holly, «Peggy Sue Got Married»/«Crying, Waiting, Hoping». Den nye utgjevinga var suksessrik nok til at ein valde å gje ut eit album med andre Holly-demoar i januar 1960.

Etterspurnaden etter platene til Holly var så stor, og Holly hadde spelt inn så mykje, at plateselskapet hans kunne gje ut nye Holly-album og singlar dei neste ti åra. Norman Petty produserte dei fleste av desse nye utgjevingane ved hjelp av studioinnspelingar som ikkje var gjevne ut før, alternative opptak, prøveopptak og til og med amatørinspelingar (somme datert attende til 1954 med dårleg vokal). Det siste «nye» Buddy Holly-abumet, Giant, kom ut i 1969. Singelen frå dette albumet var «Love Is Strange».

Encyclopædia Britannica skreiv at Holly skapte noko av «den mest særprega og innverknadstunge musikken i rockehistoria».[59] AllMusic skildra han som «den mest innverknadstunge, kreative krafta i tidleg rock and roll».[60] Rolling Stone rangerte han på 13. plassen på lista si over «Dei 100 største artistane».[61] The Telegraph kalla han «ein pioner og revolusjonær [...] eit fleirdimensjonalt talent [...] som skreiv og framførte songar som er like friske og potente i dag».[62]

Rock and Roll Hall of Fame innlemma Holly i den første gruppa i 1986. Då han vart innlemma omtalte æresgalleriet dei mange songane han skapte i løpet av ein kort karriere og sa «han hadde stor og varig innverknad på populærmusikken». Dei kalla han ein «nyskapar» for å skrive sine eigne songar, eksperimentering med dobbelt lydspor og bruk av orkestrering. Han vert òg sagt å vere «ein pioner og popularisert» rockebandformatet med to gitarar, bass og trommer.[63] The Songwriters Hall of Fame innlemma òg Holly i 1986 og sa at bidraga hans «endra fasaden til rock and roll».[64] Holly utvikla i samarbeid med Petty teknikkar for overdubbing og etterklang, og brukte nyskapande instrumentering som seinare vart brukt av mange andre artistar.[9] Holly vart «ein av dei mest innverknadstunge pionerane innan rock and roll» som gjorde eit «varig inntrykk» på rockeartistar i 1960-åra.[52]

 
Buddy Holly Center, eit museum i Lubbock i Texas.

I 1980 laga Grant Speed ein statue av Holly som spelar på Fender-gitaren sin. Statuen er midtpunktet på Lubbock sin Walk of Fame, som er til ære for kjende folk som medverka til musikkhistoria i Lubbock. Andre minnesmerke til Buddy Holly er ei gate kalla opp etter han og Buddy Holly Center, som er eit museum med eigedelar av og kunst om Holly. Center ligg på Crickets Avenue, ei gate aust for Buddy Holly Avenue.[65] I 1997 gav National Academy of Recording Arts and Sciences Holly Grammy sin heiderspris.[66] Holly vart innlemma i Iowa Rock 'n' Roll Hall of Fame i 2000.

Innverknad endre

Som tenåringar såg John Lennon og Paul McCartney Holly for første gongen på Sunday Night at the London Palladium.[67] Dei to hadde nettopp møtt kvarandre og byrja å spele i lag. Dei studerte platene til Holly og lærte seg stilen hans og måten å skrive tekstar på, og baserte framføringane sine kring personen hans. Inspirert av insektnamnet til Crickets, bandet til Holly, kalla dei sitt eige band «The Beatles». Lennon og McCartney omtalte seinare Holly som den største inspirasjonskjelda si.[68]

Bandet til Lennon, Quarrymen, spelte «That'll Be the Day» på den første innspelinga si i 1958.[69] Under pausar på den første framføringa til The Beatles på The Ed Sullivan Show, den 9. februar 1964, spurte Lennon CBS-koordinatoren Vic Calandra om framføringane til Holly. Calandra sa at Lennon og McCartney til stadig uttrykte kor godt dei tykte om Holly.[70] The Beatles spelte ein nær coverversjon av Holly sin «Words of Love», som kom ut på albumet Beatles for Sale i 1964. I januar 1969, under innspelinga for albumet Let It Be, spelte The Beatles ein langsam og improvisert versjon av «Mailman, Bring Me No More Blues» – som Holly populariserte, men ikkje skreiv - og Lennon etterlikna synginga til Holly.[71] Lennon spelte inn ein versjon av «Peggy Sue» i 1975 på albumet Rock 'n' Roll.[72] McCartney eig forlagsrettane til songkatalogen til Holly.[73]

To dagar før Holly omkom, den 31. januar 1959, såg den då 17 år gamle Bob Dylan Holly sin konsert i Duluth. Dylan omtalte dette i takketalen då han fekk Grammy-prisen for årets album for Time Out of Mind i 1998: " ... då eg var seksten eller sytten år gammal, drog eg for å sjå Buddy Holly spele på Duluth National Guard Armory og eg var berre ein meter frå han ... og han såg på meg. Og eg har berre ei slik kjensle at han var ... med oss heile tida år me laga denne plata».[74]

Mick Jagger såg ein Holly-konsert i Woolwich i London, under ein turné i England. Jagger hugsa særleg Holly sin versjon av «Not Fade Away» - ein song som òg inspirerte Keith Richards, som forma den tidlege gitarstilen sin etter å spele til denne songen. The Rolling Stones hadde ein hitversjon me songen i 1964.[75] Richards sa seinare «[Holly] sende han vidare via The Beatles og via The Rolling Stones ... Han er i alle».[76]

Den populære balladen til Don McLean frå 1971, «American Pie» var inspirert av dødsfallet til Holly og dagen flyet styrta. I teksten kallar han hendinga «The Day the Music Died» eller «dagen då musikken døydde», eit omgrep som sidan er mykje brukt om denne flystyrten. Albumet til McLean American Pie er dedisert til Holly.[77] I 2015 skreiv McLean «Buddy Holly ville vore like stor om han hadde vore levande eller død, på grunn av det han fekk til. Då han var 22 år gammal hadde han spelt inn kring 50 songar, og dei fleste hadde han skrive sjølv. Buddy Holly and The Crickets var malen for alle rockeband som kom etter».[78]

Elton John var musikalsk inspirert av Holly. 13 år gammal, sjølv om han ikkje trong briller, byrja John å gå med hornbriller for å etterlikne Holly. Etter åtte månader gjorde brillene at synet til John faktisk vart dårlegare og han var derfor nøydd til å fortsette med briller.[79] The Clash var òg inspirert av Holly, og omtalte han i songen «Corner Soul» frå Sandinista!.[80] The Chirping Crickets var det første albumet Eric Clapton kjøpte nokon gong. Han såg seinare Holly på Sunday Night at the London Palladium. I sjølvbiografien sin fortel Clapton om første gongen han såg Holly og Fender-gitaren hans, og sa «Eg trudde eg hadde døydd og komen til himmelen...det var som å sjå eit instrument frå verdsrommet og eg sa til meg sjølv: 'Det der er framtida - det der skal eg òg gjere».[81]

Starten på den suksessrike karrieren til Bobby Vee kom som følgje av dødsfallet til Holly. Vee erstatta Holly på resten av turneen, som fortsette etter styrten. Ein kan høyre påverknaden til Holly på syngjestilen til Vee på songar som «Rubber Ball» – der B-sida var ein versjon av Holly sin «Everyday» – og «Run to Him».[82] Namnet på det britiske rockebandet The Hollies vert ofte sagt å vere ei hyllest til Holly. I følgje bandet så beundra dei Holly, men namnet skal ha vore inspirert av kristtorn (som heiter «holly» på engelsk).[83] I eit intervju i Rolling Stone den 24. august 1978 sa Bruce Springsteen til Dave Marsh «Eg spelar Buddy Holly kvar kveld før eg går på. Det held meg ærleg.»[84] The Grateful Dead framførte songen «Not Fade Away» på konsertane sine.[85]

I film og anna musikk endre

Livssoga til Holly var grunnlaget for Hollywood-filmen The Buddy Holly Story (1978), som hovudrolla Gary Busey vart nominert til Oscarprisen for. Filmen fekk mykje kritikk av rockepressa, og av vener og familie av Holly, på grunn av mange unøyaktigheiter.[86] Dette gjorde at Paul McCartney (som eigde MPL Communications som å kontrollerte forlagsrettane til songkatalogen til Budy Holly) produserte og leia sin eigen dokumentar om Holly i 1985, kalla The Real Buddy Holly Story. Denne videoen har med intervju med Keith Richards, Phil og Don Everly, Sonny Curtis, Jerry Allison, familien til Holly, og McCartney, blant fleire.[87]

I 1987 spelte musikaren Marshall Crenshaw Buddy Holly i filmen La Bamba, der ein kan sjå han spele i Surf Ballroom før han går om bord på det lagnadstunge flyet med Ritchie Valens og The Big Bopper. Crenshaw sin versjon av «Crying, Waiting, Hoping» finst på filmmusikkalbumet til La Bamba.[88] Buddy – The Buddy Holly Story, ein jukeboksmusikal om livet til Holly, vert rekna som den første av sitt slag. Dette skapte ein sjanger som seinare omfatta Mamma Mia! og We Will Rock You. Musikalen opna seint i 1980-åra og vart mellom anna spelt i Storbritannia i februar 2011.[89]

Steve Buscemi spelte Holly i eit kort innslag som tilsett i ein 1950-talsaktig restaurant i Quentin Tarantino-filmen Pulp Fiction frå 1994, der han tar i mot bestillinga til Mia Wallace og Vincent Vega (spelt av Uma Thurman og John Travolta).

Holly vart skildra i ein episode av science-fiction-serien Quantum Leap kalla «How the Tess Was Won». Identiteten til Holly blir berre først avslørt mot slutten av episoden. Dr. Sam Beckett (Scott Bakula) påverkar Buddy Holly til å endre teksten frå «piggy, suey» til «Peggy Sue».[90] Francis Ford Coppola-filmen Peggy Sue Got Married frå 1986, har namn etter ein Holly-song.

Diskografi endre

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Buddy Holly.
The Crickets
Solo

Kjelder endre

  1. «Travis Holley, one of Buddy's brothers, dies Thursday (Playbill by Kerns blog) - Lubbock Online - Lubbock Avalanche-Journal». lubbockonline.com. Arkivert frå originalen 6. august 2017. Henta 3. februar 2018. 
  2. 2,0 2,1 Gribbin, John 2012, s. 12.
  3. Gribbin, John 2012, s. 13.
  4. Gribbin, John 2012, s. 14.
  5. Norman, Philip 2011, s. 34.
  6. Scott Schinder, Andy Schwartz 2007, s. 80.
  7. Lehmer, Larry 2003, s. 6.
  8. 8,0 8,1 Lehmer, Larry 2003, s. 7.
  9. 9,0 9,1 9,2 Wishart, David 2004, s. 540.
  10. 10,0 10,1 10,2 Carr, Joseph; Munde, Alan 1997, s. 130.
  11. MacDonald, Les 2010, s. 17.
  12. Scott Schinder, Andy Schwartz 2007, s. 97.
  13. Uslan, Michael; Solomon, Bruce 1981, s. 49.
  14. Amburn, Ellis (April 22, 2014). Buddy Holly: A Biography. St. Martin's Griffin. s. 101. ISBN 9781466868564. 
  15. Carr, Joseph; Munde, Alan 1997, s. 131.
  16. Lehmer, Larry 2003, s. 16.
  17. Lehmer, Larry 2003, s. 17.
  18. Lehmer, Larry 2003, s. 18.
  19. Lehmer, Larry 2003, s. 19.
  20. 20,0 20,1 Gribbin, John 2012, s. 57.
  21. 21,0 21,1 Gribbin, John 2012, s. 58.
  22. 22,0 22,1 Norman, Phillip 1996, s. 156.
  23. Norman, Phillip 1996, s. 127.
  24. Moore, Gary 2011, s. 127.
  25. 25,0 25,1 Moore, Gary 2011, s. 128.
  26. Norman, Philip 2011, s. 189.
  27. «americanrocknrolluktours.co.uk». 
  28. Scott Schinder, Andy Schwartz Johnny Holley 2005, s. 90.
  29. Scott Schinder, Andy Schwartz 2007, s. 91.
  30. Scott Schinder, Andy Schwartz 2007, s. 92.
  31. Norman, Philip 2011, s. 281.
  32. Norman, Philip 2011, s. 274.
  33. Norman, Philip 2011, s. 280.
  34. Laing, Dave 2010, s. 153.
  35. Carr, Joseph; Munde, Alan 1997, s. 155.
  36. Norman, Philip 2011, s. 274–278.
  37. Webber, Julian Lloyd 2015.
  38. Norman, Philip 2011, s. 276–278.
  39. Norman, Philip 2011, s. 284–285.
  40. Jennings, Waylon; Kaye, Lenny 1996, s. 51.
  41. Corbin, Sky 2014.
  42. Jennings, Waylon; Kaye, Lenny 1996, s. 58, 59.
  43. Jennings, Waylon; Kaye, Lenny 1996, s. 62.
  44. Everitt 2004, s. 13.
  45. Texas Monthly, January 1988; p.108
  46. Galloway, P. (1988, Jun 24). Hit parade. Chicago Tribune (1963–Current File) Henta frå http://search.proquest.com/docview/882608515
  47. Associated Press staff 1959.
  48. «Coroner's report on Charles H. Holley, by Ralph E. Smiley, Cerro Gordo County, Iowa» (PDF). Autopsyfiles.org. February 4, 1959. Henta 3. februar 2018. 
  49. Amburn, Ellis 2014, s. 347.
  50. Amburn, Ellis 2014, s. 348–52.
  51. Rolling Stone staff 2001.
  52. 52,0 52,1 Henderson, Lol; Stacey, Lee 2014, s. 296.
  53. Amburn, Ellis 2014, s. 59.
  54. Hunter, Dave 2013, s. 87.
  55. Norman, Phillip 1996, s. 144.
  56. Jones, Steve 2014, s. 175.
  57. «Holly's glasses returned to family». The Beaver County Times. 12. mars 1980. Henta 3. februar 2018. 
  58. «Eyeglasses returned». The Prescott Courier. 22. mars 1981. Henta 3. februar 2018. 
  59. Crenshaw, Marshall 2015.
  60. Eder, Bruce 2015.
  61. Mellecamp, John 2011.
  62. Norman, Phillip 2015.
  63. Rock and Roll Hall of Fame staff 2015.
  64. Songwriters hall of Fame staff 2002.
  65. Buddy Holly Center staff 2014.
  66. Hollywood Reporter Staff 1997.
  67. Humphries, Patrick 2003, s. 73.
  68. Riley, Tim 2011, s. 67–70.
  69. Gaar, Gillian 2013, s. 238.
  70. Harris, Michael 2014, s. 192–193.
  71. Margotin, Phillipe; Guesdon, Jean-Michael 2014, s. 186.
  72. Blaney, John 2005, s. 163.
  73. BBC News staff 2003.
  74. Shelton, Robert 2011, s. 37.
  75. Norman, Philip 2011, s. 12.
  76. Amburn, Ellis 2014, s. 274.
  77. Crouse, Richard 2012, s. 86.
  78. McLean, Don 2015.
  79. Goldrosen, John 1979, s. 8.
  80. Fletcher, Tony 2012, s. 174.
  81. Clapton, Eric 2010, s. 19.
  82. Dean, Maury 2003, s. 73.
  83. Eder, Bruce 1996.
  84. Deardorff II, Donald 2013, s. 16.
  85. Meriwether, Nicholas 2013, s. 134.
  86. Flippo, Chet (September 21, 1978). «The Truth Behind 'The Buddy Holly Story'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 17. november 2017. Henta 3. februar 2018. 
  87. Lehmer, Larry 2003, s. 174–176.
  88. Green, Stanley 1999, s. 267.
  89. Eiss, Harry 2013, s. 154.
  90. Phillips, Mark; Garcia, Frank 1996, s. 358.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Buddy Holly