The Last Time
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
«The Last Time» er ein song av The Rolling Stones. Dette var den første songen skriven av Mick Jagger og Keith Richards som nådde førsteplassen i Storbritannia, der han låg fire veker i strekk.
«The Last Time» vart spelt inn i RCA Studios i Hollywood i California tidleg i 1965 med hjelp frå Phil Spector. Songen kom ut like etter og toppa listene både i heimlandet, USA og Noreg.
The Stones spelte songen på det populære britiske musikkshowet Top of the Pops. Dei spelte òg songen på fleire amerikanske TV-show, som The Ed Sullivan Show, Shindig, Shivaree og Hollywood A Go-Go.
Sjølv om songen er tilskriven Mick Jagger og Keith Richards, har Keith Richards nemnt at dei var påverka av ein tradisjonell gospelsong kalla «This May Be The Last Time», først spelt inn av the Staple Singers i 1955.[2]
I 1967 spelte The Who inn ei utgåve av songen i lag med «Under My Thumb», visstnok for å vise støtte til Mick Jagger og Keith Richards, som hadde vorte arresterte i England for narkotikabruk. Dagen singelen kom ut vart begge sleppte fri.[2]
I 1997 saksøkte tidlegare Rolling Stones-manager Andrew Loog Oldham det engelske rockebandet the Verve for å ha nytta eit utdrag frå The Andrew Oldham Orchestra si innspeling av «The Last Time» på hitsingelen deira «Bitter Sweet Symphony». The Verve og Oldham hadde opphavleg ein avtale om bruk av eit utdrag frå songen, men Oldham viste i retten av bandet hadde nytt meir enn dei vart einige om. Dette førte så til at Allen Klein, som på vegner av ABKCO Records eig rettane alle Stones-songar frå 1960-åra, saksøkte the Verve. Til slutt vart heile «Bitter Sweet Symphony» tilskriven Jagger og Richards, sjølv om dei ikkje skreiv ei einaste linje av versa.[3]
Medverkande
endre- Mick Jagger – solovokal, perkusjon
- Brian Jones – solo- (spelar hovudriffet gjennom songen) og rytmegitar
- Keith Richards – rytme- og sologitar (spelar soloen i mellomspelet), korvokal
- Bill Wyman – bass, korvokal
- Charlie Watts – trommer
Salslister
endreListe (1965) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[4] | 7 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[5] | 4 |
Canada Top Singles (RPM)[6] | 9 |
Tyskland (Media Control AG)[7] | 1 |
Irland (IRMA)[8] | 2 |
Nederland (Mega Single Top 100)[9] | 1 |
Noreg (VG-lista)[10] | 1 |
UK Singles (Official Charts Company)[11] | 1 |
US Billboard Hot 100[12] | 9 |
Andre utgåver
endreMange band og artistar har gjort sine utgåver av songen, mellom andre The Who, Bobby Bare, Bruce Springsteen, The Sonics, Genesis, The Damned, Dwight Yoakam, Jimmy Nail, John Farnham, Royal Philharmonic Orchestra, Billy Bragg, New Riders of the Purple Sage og Nena.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Last Time (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 89–90. ISBN 0-85112-250-7.
- ↑ 2,0 2,1 «The Last Time» - på SongFacts.com
- ↑ The Verve og The Rolling Stones: Truly Bittersweet, arkivert frå originalen 5. juni 2009, henta 24. februar 2009
- ↑ "The Rolling Stones – The Last Time – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 25. mars 2018.
- ↑ "Ultratop.be – The Rolling Stones – The Last Time" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 25. mars 2018.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 25. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones - The Last Time". Charts.de. Media Control. Henta 25. mars 2018.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – The Last Time". Irish Singles Chart. Retrieved 18. juni 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – The Last Time" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 25. mars 2018.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – The Last Time". VG-lista. Hung Medien. Henta 25. mars 2018.
- ↑ "Chart Stats – Rolling Stones – The Last Time" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 25. mars 2018.
- ↑ "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 25. mars 2018.
Føregangar «Rock and Roll Music» The Beatles |
Toppen av VG-lista The Rolling Stone 1 veke, veke 15, 1965 |
Etterfylgjar «Poupée de cire, poupée de son» France Gall |