Gotarkrigen 535–554
Gotarkrigen vart utkjempa på Den italienske halvøya og dei omliggande områda Dalmatia, Sardinia, Sicilia og Korsika frå 535 til 554 mellom styrkane til Austromarriket og styrkane til Det austgotiske kongedømet. Krigen vert vanlegvis delt i to fasar, den første (535-540) som enda med Ravenna sitt fall og ein tilsynelatande siger til romarane med erobringa av Italia, og den andre fasen (540/541-553), der den gotiske motstanden fekk ny styrke under Totila. Totila vart slått etter lange kampar mot Narses, som òg slo tilbake den frankiske-alemanniske invasjonen i 554. Forskjellige byar i Nord-Italia klarte derimot å halde ut fram til tidleg i 560-åra.
Gotarkrigen | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av Justinian sin gjenerobringskrig | |||||||||
Slag mellom romarar og gotarar | |||||||||
| |||||||||
Partar | |||||||||
Austromarriket | Austgotarar, frankarar | ||||||||
Kommandantar | |||||||||
Belisarius, Mundus, Narses, Germanus Justinus, Liberius |
Theodahad, Witigis, Ildibad, Totila, Teia |
Krigen hadde røter i ønsket til den romerske keisaren Justinian om å ta tilbake provinsane til det tidlegare Vestromarriket, som hadde gått tapt til barbariske stammer hundreåret før (sjå folkevandringstida). Sidan krigen varte så lenge var Italia øydelagd og avfolka og ressursane til Riket var utarma. Så med den dyrekjøpte sigeren klarte ikkje austromarane å stå imot den langobardiske invasjonen i 568, som førte til at dei tapte dei fleste områda sine på Den italienske halvøya.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gothic War (535–554)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. desember 2007.