Opna hovudmenyen

Gotthilf Christian Reccard (13. mars 17353. oktober 1798) var ein tysk evangelisk teolog og astronom. Han var fødd i Werningerode og døydde i Königsberg.[1]

Gotthilf Christian Reccard
Fødd 13. mars 1735
Wernigerode
Død

3. oktober 1798
Königsberg

Yrke teolog, astronom, universitetslærar
Gotthilf Christian Reccard

Liv og gjerningEndra

Reccard var son av ein diakon og gjekk ved lyseet (gymnaset) i Wernigerode. Han studerte i Halle og vart i 1762 prest ved Trinitatiskirche og 2. inspektør på realskulen i Berlin. Allereie i 1765 reiste han til Königsberg i Aust-Preussen, der han i dei komande åra skulle verte utnemnt til professor i teologi og til konsistoriet (det akademiske rådet). Frå 1776 til 1796 var han leiar av Collegium Fridericianum. Ved sidan av yrket sitt vigde han seg til astronomisk forsking.

Eit verk frå Reccard si hand, Lære-Bog i adskillige philosophiske og mathematiske Videnskaber kom i dansk utgåve i 1782.

FotnotelisteEndra

  1. «Biographies: Königsberg Professors», www.manchester.edu, henta 16. november 2018 

KjelderEndra