Kaliningrad

by i Russland


Kaliningrad (russisk: Калиниград, tysk: Königsberg, litauisk: Karaliaučius, polsk: Królewiec) er ein by i Kaliningrad oblast heilt vest i Russland. I 1946 vart namnet på byen endra frå Königsberg, og oppkalla etter sovjetfunksjonæren Mikhail Kalinin. Königsberg låg i den gamle tyske provinsen Aust-Preussen ved Austersjøen, som ved slutten av andre verdskrigen vart okkupert av Sovjetunionen. Kaliningrad oblast er ein russisk ekslave mellom Polen og Litauen, og er til lands fullstendig omringa av den europeiske unionen.

Kaliningrad
Калиниград
Gamle Königsberg midt i dagens Kaliningrad
Gamle Königsberg midt i dagens Kaliningrad
Gamle Königsberg midt i dagens Kaliningrad
Flagget til Kaliningrad Byåpenet til Kaliningrad
Flagget til Kaliningrad Byvåpenet til Kaliningrad


Plassering
Kaliningrad is located in Russland
Kaliningrad is located in Kaliningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Grunnlagd
Bystatus
1255
1286
Borgarmeister Aleksandr Jarosjuk
Geografi
Flatevidd
 - By

215,7 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

423 651
  1 964,1 /km²
Koordinatar 54°44′″N 20°29′″EKoordinatar: 54°44′″N 20°29′″E
Høgd over havet 4,8 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 236000–236042
Retningsnummer (tlf) (+7) 4012
Bilnummer 39, 91
Nettstad: www.klgd.ru

Det gamle Königsberg har ei lang historie frå grunnlegginga i 1255. Det sovjetiske Kaliningrad vart først og fremst nytta som flåtebase under den kalde krigen, og er eit av dei fattigaste og mest nedslitne områda i Russland.

Mange innbyggjarar i Kaliningrad ynskjer at byen skal få sitt gamle namn attende, slik St. Petersburg gjorde i 1991. Det er starta ein kampanje for å få gjennom dette.

Historie endre

Som Königsberg endre

For meir om dette emnet, sjå Königsberg.
 
Kaliningradkatedralen frå 1300-talet, tidlegare Köningsbergerdomen

Borga i Königsberg vart bygd i 1255 av Den tyske riddarordenen til ære for kong Ottokar II av Böhmen, som hadde ført eit felttog mot dei heidenske sambiane. Byen vart eit medlem av Hansaen og i 1457 hovudkvarter for Den tyske riddarordenen og sete for Hertugdømet Preussen i 1525. Königsberg vart eit utdanningssenter då Albertina universitet vart grunnlagd av hertug Albert av Preussen i 1544. Etter kroninga i Königsberg i 1701 vart kurfyrste Fredrik III av Brandenburg Fredrik I, konge av Preussen. Etter den fyrste verdskrigen vart den polske korriodoren avskoren av Aust-Preussen og Königsberg frå resten av Weimarrepublikken.

Under bombinga av Königsberg under andre verdskrigen i 1944 vart byen hardt råka av britiske flyåtak og brann i fleire dagar. Det historiske senteret, inkludert Altstadt, Löbenicht og Kneiphof, vart totalt jamna med jorda, samt at katedralen, slottet og alle kyrkjene i gamlebyen, dei gamle og nye universiteta, og det gamle skipskvarteret vart alle øydelagde. Slaget ved Königsberg varte heile februar og mars 1945. Byen vart kontinuerleg bombardert. 9. april overgav den tyske militær kommandanten seg med resten av styrkane sine. Om lag 50 000 overlevde av om lag 370 000 innbyggjarar i byen. Dei gjenverande tyske innbyggjarane vart kasta ut frå 1945 til 1948.

Sovjetunionen endre

Mot slutten av den andre verdskrigen i 1945 vart byen ein del av Sovjetunionen etter Potsdamerkonferansen

Königsberg fekk namnet Kaliningrad i 1946 etter den døde presidenten av Sovjetunionen Mikhail Kalinin, ein av dei opphavlege bolsjevikane. Den tyske folkesetnaden vart kasta ut og byen folkesett med russarar. Livet i byen endra seg dramatisk med nytt namn og språket som med eitt vart endra frå tysk til russisk. Byen vart gjenoppbygd og gjennomgjekk industrialisering og modernisering. Som eit av dei vestlegaste områda i Sovjetunionen vart Kaliningrad oblast eit strategisk viktig område under den kalde krigen. Den sovjetiske austersjøflåten fekk base i byen i 1950-åra. På grunn av denne statusen vart Kaliningrad ein lukka by for utlendingar.

Russland endre

Kaliningrad er den einaste byen i Russland med hamn ved Austersjøen som er isfri året rundt, og er derfor særs viktig for austersjøflåten.

Etter Sovjetunionen kollapsa i 1991 vart Kaliningrad oblast ein ekslave som vart geografisk fråskild resten av Russland. Denne isolasjonen frå resten av Russland vart tydlegare då Polen og Litauen vart medlemsland av NATO og så Den europeiske unionen i 2004. Innbyggjarane i Kaliningrad oblast har derfor fått eigne reglar som gjer det lettare å reise ut av området og inn i nabolanda.

Kjende personar frå Kaliningrad endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kaliningrad

Kjelder endre