59°46′6.12″N 18°7′54.6″E / 59.7683667°N 18.131833°E / 59.7683667; 18.131833

Dana Viking

Gottröra-ulukka var ei flyulukke som skjedde ved Gottröra i Uppland i Sverige om morgonen 27. desember 1991 då Scandinavian Airlines Flight 751 (SK751) frå Stockholm (Arlanda) til Warszawa via København måtte naudlande. Flyet brekte i tre delar, og fleire passasjerar vart skada, men ingen omkom.

Flyet var ein McDonnell Douglas MD-81 med namnet «Dana Viking», og årsaka til ulukka var at båe motorane svikta kort tid etter avgang frå Arlanda på grunn av at is frå vengene lausna og kom inn i motorane. Flyet hadde to jetmotorar, ein på kvar side av flykroppen akterut.

Ulukka endre

Hendinga er òg vorten kalla «mirakelet i Gottröra», ettersom ingen omkom. Rett etter avgang vart flygaren tvinga til å naudlande utanfor Gottröra etter at eit lag av is på oversida av vengene hadde lausna og kome inn i motorane. Etter eit par minutts kontrollert glideflyging landa flyet på ei lysning i eut skogholt. Flykroppen brekte i tre delar under landinga, og den eine vengen blei riven av, men det oppstod ingen brann. Alle dei 129 menneska ombord overlevde; eit mindre tal personar fekk meir eller mindre alvorlege skader. Den hardast ramma passasjeren blei rullestolbrukar for livet.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre