Grámmos (gresk Γράμμος) eller Gramos er ei fjellkjede nordaust i periferieininga Ioánnina og vest i Kastoriá i Hellas, i tillegg til søraust i Albania. Fjellet er den nordlegaste fjellkjeda i fjellkjeda Píndos. Det høgaste punktet er på 2 520 moh. Det har gjeve namn til landsbyen Grámos vest i Kastoriá. Fjellkjeda er om lag 25-30 km lang frå nordvest til søraust og 15-20 km brei.

Grámmos
Γράμμος
fjell
Land  Hellas
Område Ioánnina
Høgd 2 520 moh.
Koordinatar 40°30′N 20°45′EKoordinatar: 40°30′N 20°45′E
Kart
Grámmos
40°19′0″ N 20°45′0″ E
Wikimedia Commons: Grammos

Grámmos var ein skanse for kommunistane under den greske borgarkrigen og åstad for eit slag i 1949. Det er framleis minefelt etter borgarkrigen på fjellet, som gjer ferdsel her farleg.

Frå toppen kan ein sjå det søraustlege Albania, fjella i periferieininga Kastoriá og dei fleste dalane og innsjøane her, Vóiofjella og det nordaustlege av periferieininga Ioánnina, i tillegg til Smólikas og delar av Týmfi.

Næraste stader endre

Kjelder endre