Týmfi (gresk Τύμφη), òg kalla Timfi og Tymphi, er ei fjellkjede nord i periferieininga Ioánnina. Den høgaste toppen er Gamíla på 2 497 m. Andre toppar er Gamíla II på 2 480 m og Tsoúka Rósa på 2 466 m. Týmfimassivet inkluderer òg Víkosravinen, som er referert til som den djupaste ravinen (i forhold til breidda) i 2005-utgåva av Guinness' rekordbok (1 100 m breitt, 900 m djupt). Týmfi ligg i fjellkjeda Píndos.

Týmfi
Τύμφη
fjell
Land  Hellas
Område Ioánnina
Fjellkjede Píndos
Høgd 2 497 moh.
Koordinatar 39°59′50″N 20°48′50″E / 39.99722°N 20.81389°E / 39.99722; 20.81389
Kart
Týmfi
39°59′50″N 20°48′50″E / 39.997222222222°N 20.813888888889°E / 39.997222222222; 20.813888888889
Wikimedia Commons: Tymfi

Fjellet har ei lengd på om lag 20-25 km frå aust til vest og ei breidd på 15 km. Elva Aóos (Vjosë) renn nord for fjellet.

Frå toppen kan ein sjå Albania i nord, Smólikas i nordvest, Lýgos i aust og Mitsikéli i nord. Ein kan òg sjå byen Ioánnina og Pamvótidasjøen i sørvest.

Nærliggande stader

endre

Kjelder

endre